Pyroklastisk bergart

(Omdirigert frå Pyroklastiske bergartar)

Pyroklastiske bergartar er bergartar som er samansett av vulkanske brotstykke, pyroklastar, og vulkansk oske som vert utstøytt ved eksplosive vulkanutbrot.

USGS-forskarar utforskar pimpstein på kanten av ein pyroklastisk straum frå Mount St. Helens
Bergartar frå Bishop Tuff, pimpstein til venstre og fiamme til høgre.

Pyroklastiske bergartar kan variere i klaststorleikar frå dei største agglomerata til særs fin oske og tuff. Pyroclastar av ulik storleik vert klassifisert som vulkanske bomber, lapilli og vulkansk oske. Oske vert rekna for å vere pyroklastisk fordi han er eit fint støv som består av vulkanske bergartar. Ein av dei mest spektakulære formene for pyroklastiske avsetningar er ignimbritt, som vert avsette i særs varme blandingar av gass og oske i pyroklastiske straumar.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pyroklastisk bergart