Quetzalcoatlus
Quetzalcoatlus var ei flygeøgle i underordenen Pterodactyloidea som levde i Nord-Amerika for 65–75 millionar år sidan. Det var eit av dei største dyr som nokon gong har floge, truleg det aller største, med eit vengespenn på om lag 12 meter, og som når dyret sat på marka målte kring 3 meter. Quetzalcoatlusen sine fingrar, som sat på vengane, balanserte både kroppsvekta og vengane samstundes. Trass i at Quetzalcoatlus var ein flygeøgle så fann dyret det meste av maten på marka.
Quetzalcoatlus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | †Flygeøgle Pterosauria |
Familie: | †Azhdarchidae |
Underfamilie: | †Quetzalcoatlinae |
Slekt: | †Quetzalcoatlus Lawson, 1975 |
Utsjånad
endreQuetzalcoatlus var ei svært stor flygeøgle, med eit vengespenn på 10–12 meter. Når dyret stod på marka målte det 3 meter, noko som sidestiller det med Ornithocheirus. Quetzalcoatlus var elles ei typisk flygeøgle, med vengar som bestod av særs lange fingrar med hudhinner utspende imellom. I det ytre likna dyret Pteranodon på fleire vis, men hadde ikkje like lang hovudkam som denne. Quetzalcoatlus sin hovudkam bestod av bein som var dekte av ei mjuk fargerik hinne, truleg brukt til å imponere. Munnen var utforma som ein lang og tannlaus nebb, lik storken sin. Dyret hadde pelsliknande bust på kroppen samt ein kort svans. Quetzalcoatlus var varmblodig.
Galleri
endre-
Samanlikning med Q. northropi (grøn), ein mindre art (blå) som enno ikkje er skildra, og menneske.
-
Restaurert skjelett av Quetzalcoatlus, den var høg som ein sjiraff når den gjekk på marka.
Namn
endreDet vitskaplege slektsnamnet Quetzalcoatlus er inspirert av Quetzalcóatl, namnet på ein slangegud i aztekarane sin religion.
Sjå og
endreQuetzalcoatlus i populærkulturen
endreQuetzalcoatlus var med i det siste avsnittet av BBC-serien Dinosaurenes tid frå 1999. Ho er også med i Discovery Channel sitt TV-program When Dinosaurs Roamed America (2001) og i Dinosaur Planet (2003).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Quetzalcoatlus» frå Wikipedia på svensk, den 6. desember 2022.