Jom kippúrkrigen

(Omdirigert frå Yom Kippur-krigen)

Jom kippúrkrigen, Ramadankrigen eller Oktoberkrigen føregjekk frå 6. oktober til 26. oktober 1973, mellom Israel på den eine sida, og ein koalisjon av arabarstatar leia av Egypt og Syria på den andre. Krigen fekk namnet sitt fordi han tok til på den jødiske høgtidsdagen jom kippur. Krigen begynte med eit overraskande angrep frå Egypt og Syria, då dei kryssa grensa ved Sinai og Golanhøgdene for å ta attende områda som var gått tapt til Israel under seksdagarskrigen.

Jom kippúrkrigen
Del av Midtausten-konflikten

Egyptiske styrkar kryssar Suezanalen den 7. oktober
Dato 6. til 26. oktober 1973
Stad Sinaihalvøya og vestbreidda av Suezkanalen, Golanhøgdene og andre område sør i Syria
Krigsårsak At Israel beheldt områda dei tok frå Egypt og Syria i seksdagarskrigen
Resultat Taktisk israelsk siger[1] og ein påkravd våpenkvile frå SN, som førte til Geneve-konferansen og Sinai interim-avtalen.
Partar
 Egypt
 Syria
Arabiske ekspedisjonsstyrkar:
 Irak
 Jordan
 Marokko
 Saudi-Arabia
Flagget til Egypt Libya
 Kuwait
 Algerie
 Sudan
Andre ekspedisjonsstyrkar:
 Cuba
 Nord-Korea
 Israel
Kommandantar
Flagget til Egypt Anwar Sadat

Flagget til Egypt Ahmad Ismail Ali
Flagget til Egypt Hosni Mubarak
Flagget til Egypt Abdel Ghani el-Gamasy
Flagget til Egypt Saad El Shazly
Flagget til Egypt Abdul Munim Wassel
Flagget til Egypt Abd-Al-Minaam Khaleel
Flagget til Egypt Mohammed Aly Fahmy
Flagget til Egypt Abu Zikry
Flagget til Syria Hafez al-Assad
Flagget til Syria Mustafa Tlass
Flagget til Syria General Shakkour
Flagget til Syria Naji Jamil
Flagget til Syria Omar Abrash  
Flagget til Syria Ali Aslan
Flagget til Irak Ahmed Hassan al-Bakr
Flagget til Jordan Kong Hussein
Flagget til Marokko Kong Mohammed VI
Flagget til Marokko Ahmed Dlimi
Flagget til Saudi-Arabia Kong Faisal
Flagget til Libya Muammar Gaddafi
Flagget til Libya Abu Bakr Yunis Jabr
Flagget til Kuwait Jaber Al Ahmad Al Jaber Al Sabah
Flagget til Algerie Houari Boumédiène
Flagget til Sudan Gaafar Nimeiry
Flagget til Cuba Fidel Castro
Flagget til Cuba Raúl Roa García
Flagget til Cuba Raúl Castro
Flagget til Nord-Korea Kim Il-sung

Flagget til Israel Golda Meir

Flagget til Israel Moshe Dayan
Flagget til Israel David Elazar
Flagget til Israel Shmuel Gonen
Flagget til Israel Haim Bar-Lev
Flagget til Israel Israel Tal
Flagget til Israel Yitzhak Hofi
Flagget til Israel Benjamin Peled
Flagget til Israel Benjamin Telem
Flagget til Israel Rafael Eitan
Flagget til Israel Moshe Peled
Flagget til Israel Albert Mandler  
Flagget til Israel Abraham Adan
Flagget til Israel Ariel Sharon
Flagget til Israel Kalman Magen

Styrkar
Egypt: 300 000 deployert (100 000 kryssa), 1700 tanks (1020 kryssa),[2] 2400 armerte køyretøy, 1120 artillerieiningar,[3] 400 stridsfly, 140 helikopter,[4] 104 marinefartøy, 150 bakke-til-luft-missilbatteri (62 i frontlinja)[5]
Syria: 60 000 deployert (28 000 i den førte offensiven), 1200 tanks, 800–900 armerte køyretøy, 600 artillerieiningar,[3].[6][7] 350 luftfartøy, 36 helikopter, 21 marinefartøy, 36 bakke-til-luft-missilbatteri (25 i frontlinja)[5]
Irak: 30 000 soldatar, 250–500 tanks,[8][9][10] 500 armerte køyretøy, 200 artillerieiningar,[3] 73 luftfartøy[11]
415 000 soldatar,
2300 tanks,
3000 armerte køyretøy,
945 artillerieiningar,[3]
440 stridsfly,
84 helikopter,
160 andre flytypar,
38 marinefartøy[11][12]
Tap
8000[13]–18 500[14] døde
18 000[13]-35 000[15] skadde
8372 fanga egyptarar
392 fanga syrarar
13 fanga irakarar
6 fanga marokkanarar
2300[16] tanks øydelagde eller tekne
341[13]–514[17] fly øydelagde
19 marinefartøy, inkludert 10 missilfartøy søkkte[18]
2521–2800 døde[13]
7250[19]-8800[13] skadde
293 fanga
400 tanks øydelagde[20]
600 tanks øydelagde og reparerte[20]
102 fly øydelagde[17]

Den arabiske koalisjonen gjorde store framstøyt dei første par dagane av krigen, før Israel greidde å slå tilbake. Innan den andre veka av krigen hadde styrkane til Syria blitt pressa heilt ut av Golanhøgdene. Israel låg an til å vinne heile krigen då han enda med våpenkvile i regi av SN. Globalt sett fekk krigen store følgjer gjennom stans i oljeleveransen frå arabarlanda, og dette førte til mangedobling av oljeprisane og oljekrisa i 1973.

Bakgrunn

endre

Krigen var eit ledd i den pågåande midtausten-konflikten som har gått føre seg sidan staten Israel vart danna i 1948. Gjennom seksdagarskrigen i 1967 hadde Israel erobra store område av Sinaiørkenen frå Egypt, samt om lag halvparten av Golanhøgdene frå Syria. I åra etter seksdagarskrigen hadde Israel brukt store summar på eit forsvarsverk langs dei nye grensene ved Suezkanalen og Golanhøgdene.

Både Egypt og Syria ønskte å få tilbake områda som var gått tapt i seksdagarskrigen, men fredelege forhandlingar med Israel var ikkje aktuelt sidan dei ikkje ville anerkjenne Israel som ein sjølvstendig stat.

Da presidenten i Egypt, Gamal Abdel Nasser, døydde i september 1970, tok Anwar Sadat over. Sadat hevda, på oppfordring frå SN, at Egypt var villige til å inngå ein fredsavtale med Israel dersom dei godtok å trekke seg tilbake til dei opphavlege områda frå før seksdagarskrigen. Leiaren i Syria, Hafiz al-Assad, var på si side ikkje villig til fredlege forhandlingar. Han akta å erobre Golanhøgdene att med militærmakt, og sette i verk ei omfattande opprusting av militærstyrkane til Syria.

Sadat hadde på si side fleire grunner til å styre unna krig. Økonomien til Egypt var alt på feil kurs, og krig var dermed alt anna enn ønskeleg. På den andre sida visste han at ein siger over Israel ville gje han etterlengta popularitet hos befolkninga. Dei andre arabarstatane var i hovudsak motvillige til å støtte ein ny krig. Mange hadde nok med å handtere indre konfliktar, og frykta for ein gjentaking av seksdagarskrigen var stor. I månadene før krigen førte Sadat ein offensiv for å vinne støtte til ein ny krig. Innan hausten 1973 hevda han å ha stor støtte både i arabarstatane og frå Europa. For første gong viste Storbritannia og Frankrike støtte til arabiske styrkar mot Israel.

Hendingar i krigen

endre

Israelsk etterretning (Aman) hadde ansvar for å estimere sannsynet for ein ny krig. For det første var dei sikre på at Syria ikkje ville gå til krig utan at Egypt vart med. Ønsket til Egypt om å vinne attende Sinai var kjende, men dei trudde at Egypt ikkje ville handle utan støtte frå sovjetisk luftvåpen. Sidan Sovjetunionen enno ikkje hadde gjeve Egypt full støtte, konkluderte Aman med at ein ny krig ikkje var nært føreståande. Egyptiske styresmakter gjorde sitt for å underbyggje denne feiloppfatninga; misvisande rapporter om mangel på personell og mangelfullt utstyr fann vegen til israelsk etterretning. Egyptiske militærøvingar ved Suezkanalen, og syriske øvingar ved grensa, vart heller ikkje sett som ein direkte trussel.

Avgjersla om å gå til krig på ein jødisk heilagdag, Jom Kippur, var ikkje tilfeldig. På denne dagen stod Israel praktisk talt stille, noko som skulle gjere overraskinga enno større.

Kampen om Sinai

endre

Egypt hadde fått støtte av sovjetiske luftvernmissil som skulle kjempe mot det israelske luftforsvaret. Arabisk siger ville ikkje ha vore mogeleg utan slik støtte. Dei egyptiske styrkane var lang meir talrik enn dei israelske, og luftvernmissila gjorde luftforsvaret til Israel ubrukeleg. I løpet av knappe to døgn hadde egyptarane teke mesteparten av grenseforsvaret til Israel, og trengt seg om lag 15 kilometer inn i Sinaiørkenen.

8. oktober vart det gjeve ordre om eit israelsk motåtak. Det første motåtaket vart ein katastrofe for den israelske brigaden. Kampane minka, og begge sidene gjekk i forsvarsposisjon og venta på nye åtak. 14. oktober gav Sadat ordre om eit nytt motåtak, trass i at generalane hans råda han til å vente. Dette motåtaket viste seg å bli ein fiasko for Egypt, og markerte såleis eit vendepunkt i krigen. Dei leid store tap, og neste dag sette Israel i verk sitt motåtak, kjent som Operasjon Abiray-Lev. Israel hadde no òg lagt om strategien sin, og la stor vekt på å kjempe ned dei sovjetiske luftvernmissila ved Suezkanalen. Israelske styrkar gjekk til åtak på den egyptiske fronten på eit svakt punkt, og lukkast å trenge forbi linjene deira. Dermed nådde dei heilt til Suezkanalen, der dei greidde å nøytralisere egyptisk luftvern og panservernrakettar.

Innan 19. oktober hadde Israel sett opp fleire bruer over Suezkanalen, og kjempa seg eit godt stykke inn i landet. Ved slutten av krigen var dei israelske styrkane om lag 101 kilometer frå hovudstaden til Egypt, Kairo.

Kampen om Golanhøgdene

endre

På Golanhøgdene gjekk Syria til åtak med to brigader samt 11 artilleribatteri. For Israel sin del fekk denne kampen prioritet framfor kampen om Sinai, då dette var ein meir direkte trussel. Som med egyptarane hadde syrarane med seg luftvernmissil frå Sovjetunionen. Då krigen braut ut hadde syrarane langt fleire soldatar, og dei oppnådde moderat suksess den første dagen. Israelske styrkar vart pressa tilbake, men dei greidde å forsvare hovudkvarteret sitt i Nafah. Det israelske motåtaket auka likevel fortløpande etter kvart som reservestyrkar vart deployert, og innan 10. oktober hadde dei pressa dei syriske styrkane tilbake til der dei starta.

Israel stod no ovanfor ei avgjerd. Skulle dei stanse motåtaket ved grensa, eller skulle dei halde fram inn i området til Syria? Dette vart debattert att og fram, men statsminister Golda Meir argumenterte for at nye erobringar i Syria kunne kompensere for eventuelle tap i Sinai. Dermed rykte israelske styrkar over grensa, og frå 11.-14. oktober tok dei kontroll over eit større område i Syria.

Denne hendinga førte til at både Jordan og Irak sendte militær støtte for å hjelpe Syria. På den måten greidde dei å hindre Israel frå å gå vidare inn i Syria. Likevel lukkast dei ikkje å skyve dei israelske styrkane tilbake til den opphavlege grensa. Utanom Jordan og Irak er det også kjend at fleire andre arabarstatar medverka med våpen og økonomisk støtte. Omfanget av denne bistanden er likevel ukjent.

Våpenkvile

endre

22. oktober 1973 vedtok Tryggingsrådet i SN Resolusjon 338, som gav ordre om våpenkvile mellom partane. Vedtaket skulle gjelde frå kl. 18.52, israelsk tid. På dette tidspunktet var israelske strykar berre nokre hundre meter frå målet sitt, sambandet mellom Kairo og Suez. I løpet av natta braut egyptiske styrkar våpenkvilen ved fleire høve, då dei øydela israelske stridsvogner. Israel svara med å fullføre erobringa av vegen mellom Kairo og Suez.

24. oktober vart ein ny resolusjon vedteke, Resolusjon 339. Denne resolusjonen sørgde for at all organisert krigføring tok slutt den 26. oktober. Etter våpenkvilen viste Sadat vilje til å forhandle med Israel, og med støtte frå Henry Kissinger vart dei einige om at israelske styrkar skulle trekke seg tilbake til austsida av Suezkanalen, slik det hadde vore før krigen. Forhandlingane med Syria enda på same måte, med israelsk tilbaketrekking. Grensene til Israel vart såleis uendra etter krigen.

Langtidseffektar av krigen

endre

Sidan USA hadde vist støtte til Israel, avgjorde dei arabiske OPEC-medlemmane å redusere oljeproduksjonen med 5 % per månad. Då president Richard Nixon vedtok å gje Israel 2,2 milliardar dollar til gjenreising, erklærte Saudi-Arabia handelsboikott med USA. Denne boikotten spreidde seg etter kvart til fleire land, og førte til oljekrisa i 1973.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Referansar:
    • Herzog, The War of Atonement, Little, Brown and Company, 1975. Forward
    • Insight Team of the London Sunday Times, Yom Kippur War, Double Day and Company, Inc, 1974, page 450
    • Luttwak and Horowitz, The Israeli Army. Cambridge, MA, Abt Books, 1983
    • Rabinovich, The Yom Kippur War, Schocken Books, 2004. Page 498
    • Revisiting The Yom Kippur War, P.R. Kumaraswamy, pages 1–2
    • Johnson and Tierney, Failing To Win, Perception of Victory and Defeat in International Politics. Page 177
    • Charles Liebman, The Myth of Defeat: The Memory of the Yom Kippur war in Israeli Society Middle Eastern Studies, Vol 29, No. 3, July 1993. Published by Frank Cass, London. Page 411.
  2. Shazly, p. 244
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dette talet er artillerieiningar med kaliber 100 mm og oppover
  4. Shazly, s. 272
  5. 5,0 5,1 Haber & Schiff, s 30 31
  6. USMC Major Michael C. Jordan (1997). «The 1973 Arab-Israeli War: Arab Policies, Strategies, and Campaigns». GlobalSecurity.org. Henta 20. april 2009. 
  7. Major George E. Knapp (1992). «4: Antiarmor Operations on the Golan Heights». Combined Arms in battle since 1939. U.S. Army Command and General Staff College. Henta 1. juni 2009. 
  8. Hussain, Hamid (November 2002). «Opinion: The Fourth Round — A Critical Review of 1973 Arab-Israeli War A Critical Review of 1973 Arab-Israeli War». defencejournal.com. Arkivert frå originalen 16. januar 2009. Henta 29. august 2010. 
  9. Rabinovich, 314
  10. Shazly, s. 277
  11. 11,0 11,1 Krigen på sem40.ru (russisk)
  12. Haber & Schiff, s. 30, 31, 382
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Garwych, s. 243
  14. Herzog, Encyclopedia Judaica, Keter Publishing House, 1974, @ s.87
  15. Rabinovich s. 497
  16. Garwych s 244
  17. 17,0 17,1 Herzog, War of Atonement, s 260
  18. Herzog, War of Atonement, s. 269
  19. Rabinovich s 497
  20. 20,0 20,1 Rabinovich, 496

Bakgrunnsstoff

endre