Denne artikkelen handlar om byen i Syria. For byen i Marokko, sjå Kenitra. For byen i Egypt, sjå Qantara.

Quneitra (òg Al Qunaytirah, Qunaitira eller Kuneitra; arabisk القنيطرة, al-Qunayṭrah) er eit stort sett øydelagd og fråflytta adminsitrasjonssenter i Quneitra guvernement sørvest i Syria. Han ligg i ein høg dal i Golanhøgdene 1 010 meter over havet.[2] Quneitra vart grunnlagd i den osmanske tida som ein stoppestad på karavaneruta til Damaskus og vart så ein garnisonsby med kring 20 000 innbyggjarar. Han låg strategis nær våpenkvilelinja med Israel. Det arabiske namnet tyder «den vesle brua».[3]

Quneitra
القنيطرة
by
Quneitra
Land  Syria
Guvernement Quneitra
Distrikt Quneitra-distriktet
Region Golanhøgdene
Høgd 1 010 moh.
Koordinatar 33°07′N 35°49′E / 33.117°N 35.817°E / 33.117; 35.817
Folketal 153  (2004)[1]
Grunnlagd kring år 1000
 - Øydelagd 1974
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 43
Kart
Quneitra
33°07′32″N 35°49′26″E / 33.125555555556°N 35.823888888889°E / 33.125555555556; 35.823888888889
Wikimedia Commons: Quneitra
Nettstad: www.equnaytra.sy

Den 10. juni 1967, den siste dagen av seksdagarskrigen kom Quneitra under israelsk kontroll.[4] Han vart ei kort stund gjenerobra av Syria under Yom Kippur-krigen i 1973, men Israel tok attende kontrollen i ein motoffensiv. Byen vart nesten heilt øydelagd før israelarane trekte seg attende i juni 1974. Han ligg no i den demilitariserte United Nations Disengagement Observer Force Zone mellom Syria og Israel, ein kort veg frå den de facto grensa mellom dei to landa, og er folkesett av berre nokre få familiar. Syria nekta å bygge byen opp att og har aktivt gått i mot nyinnflytting i området. Israel var kraftig kritisert av Dei sameinte nasjonane for øydelegginga av byen,[5] medan Israel har kritisert Syria for ikkje å ha bygd Quneitra opp att.[6]

Geografi og demografi endre

 
Kart over Golanhøgdene frå 1989 som syner plasseringa til Quneitra og området rundt.

Quneitra ligg i ein høg dal i Golanhøgdene, 942 meter over havet. Han er overskugga i vest av den israelsk-kontrollerte delen av Golanhøgdene og fjellet Har Bental. Området rundt er dominert av gamle vulkanske lavastraumar med sovande vulkanar innimellom, som stig 150-200 meter over den omliggande sletta. Dei vulkanske åsane i regionen har spelt ei nøkkelrolle som observasjonspunkt og naturlege anslagsstillingar i konflikten om regionen, som i Yom Kippur-krigen.[7] I meir fredlege tider har det frodige vulkanske jordsmonnet vorte utnytta til korndyrking og beitemarker.[2]

I mellomkrigstida skreiv den amerikanske turisten Harriet-Louise H. Patterson om Quneitra

« Han ligg sjarmerande til i lundar av eukalyptustre. Her er vakker utsikt over Jordan som flyt ned frå Hermon gjennom breidder av samanfiltra buskar og blømande rosa og kvite oleander. Kuneitra er ein behageleg stoppestad for lunsj. Det er kjølig under trea, vanlegvis roleg og fredeleg.[8] »

Plasseringa til byen langs ei viktig handelsrute gjorde at folkesetnaden var variert. På starten av 1900-talet var han dominert av muslimske tjerkessarar frå Kaukasus. Folketalet voks til kring 21 000 innbyggjarar, hovudsakleg arabarar, etter det syrisk sjølvstendet frå Frankrike i 1946.[9] Etter at han vart fråflytta i 1967 og sidan øydelagd, flytta innbyggjarane til andre delar av Syria.

Historie endre

Tidleg historie endre

Det omliggande området har vore busett i tusenvis av år. Jeger-samlarar skal ha halde til her, noko funn av flintreiskapar i nærleiken viser.[10] Ein busetnad vart grunnlagd minst så tidleg som romersk og bysantinsk tid, og tente som stoppestad på vegen frå Damaskus til det vestlege Palestina. Apostelen Paulus skal ha vitja busetnaden på veg frå Jerusalem til Damaskus. Staden der omvendinga av Paulus tradisjonelt skal ha gått føre seg var den vesle landsbyen Kokab, nordaust for Quneitra, på veg til Damaskus.[11]

I 1868 stod det i ei reisehandbok at staden var ein «ruinert landsby med kring 80 til 100 hus» og at ein stor khan stod blant ruinane.[12]

Den moderne byen voks på siste halvdelen av 1800-talet kring ein gammal osmansk karavanserai, som vart bygd ved hjelp av stein frå ruinane av ein eldgammal busetnad.[13] Midt i 1880-åra var Quneitra hovudbyen og setet for guvernementet Jaulân.[14] Schmacher skreiv at han «bestod av 260 bygningar, som er stort sett solid bygd med basaltsteinar og har 1300 innbyggjarar, hovudsakleg tjerkessarar».[14]

Under fyrste verdskrigen slo det australske kavaleriet osmanske tyrkarar der den 29. september 1918, før dei tok Damaskus[15] (sjå òg slaget ved Megiddo i 1918). Quneitra var åstad for fleire slag under Syria-Libanon-felttoget under andre verdskrigen, inkludert slaget ved Damaskus og slaget ved Kissoué.[16]

Midtaustenkonflikten endre

Då dei moderne statane Syria og Israel fekk sjølvstendet sitt frå Frankrike og Storbritannia etter andre verdskrigen, vart Quneitra ein ny strategisk by sidan han låg berre 24 km frå grensa. Han vart ein blømande marknadsby med ein militær garnison og over 20 000 innbyggjarar, hovudsakleg arabarar.[9]

Seksdagarskrigen endre

Quneitra var det syriske hovudkvarteret for Golanhøgdene.[17] Då israelarane erobra byen skjedde det under kaotiske høve den 10. juni 1967, den siste dagen av seksdagarskrigen. Israelske styrkar rykka fram mot Quneitra frå nordvest og syriske soldatar tok stilling nord for byen, under kraftig bombardement, for å forsvare vegen til Damaskus. Klokka 8:45 om morgonen erklærte syrisk radio feilaktig at byen hadde falle. Den syriske hæren trekte seg så kaotisk attende langs vegen til Damaskus. Sjølv om den feilaktige meldinga vart retta opp att to timar seinare, utnytta israelarane situasjonen som oppstod og erobra Quneitra.[18] Ein panserbrigade under oberst Albert Mandler gjekk inn i Quneitra kl. 1430 og fann byen tom, med mykje militærutstyr att.[19]

Det vart semje om våpenkvile seinare på ettermiddagen, og Quneitra vart verande under israelsk kontroll. I juni 1967 rapporterte magasinet Time: «Byen El Quneitra var ein spøkjelsesby, butikkane var stengde, dei tomme gatene var patruljerte av israelarar som søkte frå hus til hus etter våpen og ammunisjon. Åsane gav gjenklang etter eksplosjonane då dei israelske sappørane systematisk øydela den vesle Maginot-linja som syrarane hadde bomba kibbutzar frå på andre sida av Genesaretsjøen».[20]

Israelsk okkupasjon endre

Den tomme byen vart verande under Israel i nesten seks år. Israel og Syria var i krigstilstand gjennom denne perioden (og er det framleis i dag). Byen fekk ein symbolsk verdi og vart av syrarane sett på som «merket på nederlaget til Syria, eit emblem av hat mellom Syria og Israel og ein kross [den syriske presidenten Hafez al-Assad] måtte bere.»[21] Syria bomba byen fleire gonger tidleg i 1970-åra. I juni 1970 gjekk ei pansra styrka til åtak,[22] og i november 1972, annonserte radio i Damaskus at syrisk artilleri igjen hadde bomba Quneitra.[23]

Yom Kippur-krigen endre

 
Felttoget på Golanhøgdene under Yom Kippur-krigen

Under dei første dagane av Yom Kippur-krigen i 1973, vart Quneitra ei kort stund gjenerobra av den syriske hæren før dei vart drivne attende av eit israelsk motåtak.[24] Midt i oktober 1973 starta eit israelsk motåtak. Syrarane hadde samla nesten 1 000 stridsvogner langs ein 100 km lang front. Med ein massiv samling av stridsvogner, hamra israelarane laus på dei syriske styrkane. Syrarane fall først attende, men klarte å få i stand eit motåtak og presse seg inn at i dei okkuperte områda. Kven som hadde kontrollen over Quneitra endra seg fleire gonger. Til slutt klare israelarane med pansra styrkar, og støtte frå Phantom- og Skyhawk-jagarfly som nytta napalm mot dei syriske styrkane, å stoppe det syriske åtaket og drive arabarane attende.[25]

Israelarane hadde kontroll over byen til tidleg i juni 1974, då han vart gjeven attende til syrisk, sivil kontroll etter at det vart signert ein frigjeringsavtale den 31. mai 1974. Overgjevinga av Quneitra var kontroversiell, med israelske nybyggjarar[26], både Likud og Mafdal var i mot det[27] og det vart oppretta ein busetnad i utkanten for ein kort periode. I følgje Michael Mandelbaum, skulle i følgje avtalen byen blir folkesett på ny for å syne dei fredlege intensjonane til syrarane ved at god oppførsel frå syrarane ville oppfordre israelarane til å trekkje seg vidare attende.[28] Overgjevinga tredde i kraft 6. juni.[29] Den 26. juni reiste den syrisk presidenten Hafez al-Assad til Quneitra der han bad om å overgje resten av dei okkuperte områda til syrarane.[30]

Attende til syrisk kontroll endre

 
Øydelagd bygning i Quneitra.
 
Inngangen til byen.

Vestlege reporterar følgde syriske flyktningar heim til byen tidleg i juli 1974 og skildra det dei såg på bakken. Korrespondenten i magasinet Time rapporterte at «dei fleste bygningane er slått heilt flate, som om det er nytta dynamitt, eller merka med granateld.»[31] Le Monde sin Syria-korrepsondent, skreiv i ein rapport for The Times ei detaljert skildring av øydeleggingane:

I dag er ikkje byen til å kjenne att. Husa med taka sine ligg på bakken som om dei er gravsteinar. Delar av grusen er dekt av fersk jord med spor av bulldosarar. Overalt er det bitar av møblar, kasserte kjøkenutstyr, hebraiske aviser frå den første veka av juni, her ei sundriven madrass, der nokre fjører frå ein gammal sofa. På dei få veggane som framleis står, står det på hebraisk: «Det vil bli ein ny runde»; «Vil du ha Quneitra, skal du få han øydelagd».[32]

Byen hadde visstnok systematisk blitt ribba av israelske styrkar,[9] alt som kunne flyttast og seljast til israelske leverandørar. Dei tomme bygningane vart så riven sundt av traktorar og bulldosarar.[33] I spekulasjonane på kva som kunne vere mogelege årsaker til raseringa av byen, skreiv korrespondenten i The Times i 1974 at «den israelske evakueringa av Quneitra fann stad kort tid etter israelske krigsfangar kom attende frå Damaskus med mange forteljingar om tortur».[32]

Israel hevda at det meste av øydeleggingane hadde skjedd i løpet av dei to krigane og under artilleriduellane mellom dei.[34][35] Fleire rapportar frå før tilbaketrekkinga refererte til byen som «ruinert» og «utbomba».[36][37][38] The Times-korrespondenten såg byen sjølv den 6. mai, ein månad før israelarane trekte seg attende og skildra han som «i ruinar og fråflytta etter sju år med krig og forfall. Det ser ut som ein westernby råka av jordskjelv og om syrarane får han attende må dei i gang med ei stor gjenoppbygging. Nesten alle bygningane er kraftig øydelagd eller med store granathol.»[26]

Direkte bevis på tilstanden i byen kom då byen vart filma den 12. mai 1974 av britisk fjernsyn med den erfarne journalisten Peter Snow, som rapporterte for Independent Television News. Rapporten hans vart send på News at Ten. I følgje The Times-korrespondenten Edward Mortimer, «fekk sjårane eit panoramabilete av byen, som hadde stått tom nesten sidan den syriske hæren evakuerte han i 1967. Ein kunne sjå at mange av bygningane var øydelagde, men dei fleste var framleis ståande.» Etter byen vart overgjeven, «særs få bygningar stod att. Dei fleste av dei som var øydelagde synte ikkje dei taggete konturane og tilfeldige haugane med grus som ein vanlegvis har med artilleri- eller flybomber. Taka låg flate på bakken, 'pannekakeflate' på ein slik måte eg vart fortalt berre kan oppstå om ein systematisk sprengjer dei indre veggane med dynamitt.» Mortimer konkluderte med at bileta viste «utan rimeleg tvil at det meste av øydelegginga fann stad etter 12. mai - på ei tid då det ikkje var kampar nær Kuneitra.»[39]

Dei sameinte nasjonane sette opp ein Spesialkomité for å undersøke israelsk praksis som påverka menneskerettane til folkesetnaden i dei okkuperte områda, som konkluderte med at dei israelske styrkane med vilje hadde øydelagd byen før dei trekte seg ut. Konklusjonen vart så godteken av Generalforsamlinga i SN. Eit vedtak frå generalforsamlinga den 29. november 1974 skildra øydeggjinga av Quneitra som «eit alvorleg brot på den [fjerde] Genevekonvensjonen» og «fordømmer Israel for slike handlingar,» med ein margin på 93 stemmer mot 8, og 74 som unnlet å stemme.[5] SNs menneskerettskommisjon stemte òg for å fordømme «tilsikta øydelegging» av Quneitra i eit vedtak frå 22. februar 1975, med ein margin på 22 stemmer mot éin (USA) og ni som unnlet å stemme.[40]

U.S. Committee for Refugees and Immigrants rapporterte: «Før dei drog, jamna israelarane byen med bulldosarar og dynamitt.»[41]

 
Sjukehus i Quneitra. Skiltet les: «Golan Sjukehus. Øydelagd av zionistar og endra det til skyteskive!» [sic]

I 2012 er byen framleis totalt øydelagd. Syria har late ruinane liggje og bygd eit museum til minne om øydelegginga. Det er sett opp tavler ved ruinane av mange bygningar og har bevart byen slik den israelske hæren forlet han. Dei syriske innbyggjarane i byen har ikkje flytta attende og Syria har prøvd å hindre folk i å flytte inn i området att.[18] Likevel synte folketeljinga til Statistisk sentralbyrå i Syria i 2004 at 153 menneske i 28 hushaldningar budde her, alle i nabolaget Rasm al-Rawabi.[42] Boka Rough Guide to Syria skildrar den noverande byen slik: «Det første synet av husa som er jamna med jorda i utkanten av Quneitra er mest dramatisk. Mange av dei uskadde taka ligg berre oppå ein haug med grus, og gjev eit inntrykk av at bygningane har implodert.»[18]

Mange viktige utlendingar har vitja byen, som den sovjetiske utanriksministeren Aleksej Kosygin i juni 1976[43] og pave Johannes Paul II i mai 2001.[44] Berre nokre få familiar bur i dag bi byen, og lever av å yte tenester for SN-soldatane som patruljerer den demilitariserte sonen.[45] I følgje The Times, «har den bevarte ruinbyen vorte ein pilegrimsstad for ein generasjon av syrarar.»[46]

Byen kan vitjast av turistar, men ein treng først løyve frå innanriksdepartmentet i Syria, og følgje av ein militærguide. Dei største attraksjonane er restane av sjukehuset i Quneitra, ein moské og den gresk-ortodokse kyrkja. Eit museum har gjenstandar frå antikken og mellomalderen og ligg i den første osmanske karavanseraien i byen. Vestenden av byen markerer starten på «ingenmannsland» og på andre sida ligg det israelskkontrollerte området. Fordi grensa er stengd, er det ikkje mogeleg å vitje Quneitra frå Israel.[47]

Den syriske borgarkrigen endre

Den 13. november 2012, under den syriske borgarkrigen som byrja i mars 2011, gav president Bashar al-Assad ein resolusjon som oppretta ei grein av Universitetet i Damaskus i Quneitra.[48] Den 6. juni 2013 vart grenseovergangen nær Quneitra angripen av opprørsstyrkar og ei kort stund okkupert. Regjeringsstyrkane klarte raskt å ta attende overgangen. Ein filippinsk fredsbevarar frå UNDOF vart skadd under kampane. På grunn av dette trekte Austerrike ut sine fredsbevarande styrkar frå SN-oppdraget.[49][50] Opprørarane gjekk òg til åtak på ein militær kontrollstasjon i byen,[51] og dagen etter vart fleire syriske stillingar i Quneitra angripen i eit forsøk på å erobre byen.[52]

 
Panorama over Quneitra frå vest.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Quneitra folketal, arkivert frå originalen 22. januar 2013, henta 19. juni 2014 
  2. 2,0 2,1 Geoffrey William Bromiley. «Golan», in International Standard Bibelen Encyclopedia: E-J, s. 520. Wm. B. Eerdmans Publishing, 1994. ISBN 0-8028-3782-4
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. desember 2008, henta 19. juni 2014 
  4. On Encyclopedia of Israel Stamps. Tel Aviv: Sifriyat Ma'arit, 1969. s. 195
  5. 5,0 5,1 "Report of the Special Committee to Investigate Israeli Practices Affecting the Human Rights of the Population of the Occupied Territories», United Nations General Assembly Resolution 3240, 29. november 1974, A/RES/3240, unispal Arkivert 2013-10-02 ved Wayback Machine..
  6. Abraham Rabinovich. The Yom Kippur War, 492. Knopf Publishing Group, 2005. ISBN 0-8052-1124-1
  7. Simon Dunstan. The Yom Kippur War 1973: The Sinai, s. 9. Osprey Publishing, 2003. ISBN 1-84176-220-2
  8. Harriet-Louise H. Patterson, Around The Mediterranean With My Bible. W. A. Wilde Co., 1941
  9. 9,0 9,1 9,2 "Qunaytirah, Al-.» Encyclopædia Britannica. 2007.
  10. Takeru Akazawa, Kenichi Aoki, Ofer Bar-Yosef, Neanderthals and Modern Humans in Western Asia, s. 154. Springer, 1998. ISBN 0-306-45924-8
  11. Ivan Mannheim, «Biblical Damascus» i Syria & Libanon Handbook, s. 100. 2001, Footprint Travel Guides. ISBN 1-900949-90-3
  12. Porter, Josias Leslie. A handbook for travellers i Syria and Palestina, J. Murray, 1868, s. 439. [Harvard universitet, 4. januar 2007]
  13. Paul Virgil McCracken Flesher, Dan Urman, Ancient Synagogues: historical analysis and archaeological discovery, s. 394. Brill Academic Publishers, 1995. ISBN 90-04-11254-5
  14. 14,0 14,1 G. Schmacher (1888). The Jaulân. London: Richard Bentley and Son. s. 207–214. 
  15. «CAMPAIGN SUMMARY AND NOTES ON HORSE ARTILLERY IN SINAI AND PALESTINE» (PDF). Field Artillery Journal. MAY JUNE 1928. Arkivert frå originalen (PDF) 26. mars 2009. Henta 19. juni 2014. 
  16. Compton Mackenzie (1951). Eastern Epic. London: Chatto & Windus. s. 605. 
  17. «A Campaign for the Books». Time Magazine. 1 September 1967. Arkivert frå originalen 20. august 2001. Henta 14. oktober 2022. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Andrew Beattie, Timothy Pepper, The Rough Guide to Syria 2nd edition, s. 146. Rough Guides, 2001. ISBN 1-85828-718-9
  19. Jeremy Bowen, Six Days: How the 1967 War Shaped the Middle East, s. 304. Simon & Schuster Ltd, 2003. ISBN 0-7432-3095-7
  20. «Coping with Victory». Time Magazine. 23. juni 1967. Arkivert frå originalen 20. august 2001. Henta 14. oktober 2022. 
  21. Seale, Patrick. (1988). Asad of Syria: The struggle for the Middle East (p. 141). Berkeley: University of California Press
  22. Charles Mohr (27. juni 1970). «Israel and Syria battle third day in the Golan area». The New York Times. 
  23. «Syria Shells Israeli Bases in Occupied Golan Heights». The New York Times. 26. november 1972. 
  24. "Tables turned on Arabic, Israel general says». The Times, 9. oktober 1973, s. 8
  25. «The War of the Day of Judgment». Time Magazine. October 22, 1973. Arkivert frå originalen 20. august 2001. Henta 14. oktober 2022. 
  26. 26,0 26,1 "Settlers insist Israel keeps Golan». The Times, 7 May 1974, s. 6
  27. «Criticism in Israel over peace pact's concessions to Syria». The Times, 30. mai 1974, s. 7
  28. Michael Mandelbaum, The Fate of Nations: The Search for National Security in the Nineteenth and Twentieth Centuries, s. 316. Cambridge universitet Press, 1988. ISBN 052135790X
  29. «Israel-Syrian disengagement goes into effect today after detailed plan is signed in Geneva». The Times, 6. juni 1974, s. 6
  30. «Egypt offers air force to defend Lebanon». The Times, 26. juni 1974, s. 6
  31. «Returning to Quneitra». Time Magazine. 8. juli 1974. Arkivert frå originalen 20. august 2001. Henta 14. oktober 2022. 
  32. 32,0 32,1 "Golan's capital turns into heap of stones». The Times, 10. juli 1974, s. 8
  33. Lara Dunston, Terry Carter, Andrew Humphreys. Syria & Lebanon, s. 129. Lonely Planet, 2004. ISBN 1-86450-333-5
  34. "Israel fears Russian incitement of Arabs». The Times, 8. september 1975
  35. «Corrections». The New York Times. 9. mai 2001. 
  36. "Syrian 160mm mortar shells were falling on the northern side of byen, a shell-scarred ghost city since its capture by the Israelis in 1967». «Debris of two armies litters Damascus road». The Times, 5. oktober 1973
  37. "Kuneitra, the ruined capital of the Heights». «Village life on the wild frontier of the Golan». The Times, 5. april 1974
  38. "The officer conceded that the ruined city itself was of no military importance to Israel.» «Israel sees no end to Golan battle». The Times, 2. mai 1974.
  39. «A question mark over the death of a city.» The Times, 17. februar 1975, s. 12
  40. "Human Rights Commission condemns Israel». The Times, 22. februar 1975
  41. USCRI[daud lenkje]
  42. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-22 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Quneitra guvernement. (arabisk)
  43. «Syrian offered Soviet support by Mr Kosygin». The Times, 4. juni 1976, s. 6
  44. "Pope visits Golan Heights». BBC News, 7. mai 2001
  45. «Pope prays for peace in war-torn Syrian town», News Letter (Belfast); 8. mai 2001; s. 17
  46. "Silence of Syria's forgotten siege», The Times; 8. mai 2001; s. 15
  47. Ivan Mannheim, Syria & Lebanon Handbook, s. 142. 2001, Footprint Travel Guides. ISBN 1-900949-90-3
  48. Nassr, M.; Ghossoun (13. november 2012). «President Bashar al-Assad Decrees on Establishing Branch for Damascus University in Quneitra». Syrian Arab News Agency. Arkivert frå originalen 16. november 2012. Henta 13. november 2012. 
  49. «Österreich zieht seine Blauhelme von umkämpften Golanhöhen ab» (på tysk). Der Standard. 19. juni 2014. Henta 19. juni 2014. 
  50. «Austria to withdraw Golan Heights peacekeepers over Syrian fighting». The Guardian. 19. juni 2014. Henta 19. juni 2014. 
  51. al-Quneitira Province 1. Syrisk observatorium for menneskerettar (SOHR). 2013-06-06.
  52. al-Quneitira Province 2. Syrisk observatorium for menneskerettar (SOHR). 2013-06-06.

Bakgrunnsstoff endre