Koordinatar: 65°51′24″N 22°17′22″E

Råneå er ein svensk tettstad i Luleå kommune i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. I 2007 hadde tettstaden 2 149 innbyggjarar.[1]

Råneå kyrka i Råneå

Rundt tettstaden ligg dei mindre stedene Strömsund, Jämtön, Vitå, Böle, Prästholm, Södra Prästholm, Orrbyn, Niemisel og Avafors. Rundt tre kilometer søraust for Råneå munnar Råne älv ut i Bottenviken. Europaveg 4 passerer like sør for tettstaden.

Råneå var ein eigen kommune fram til 1968, då størstedelen av kommunen blei innlemma i Luleå kommun. Den nordvestlege delen rundt Gunnarsbyn valde derimot å slutte seg til Bodens kommun. I Råneå fanst tidlegare sagbruk, skofabrikk og ein internatskule for mentalt handikappa elevar i länet.

KjelderEndra

  1. Statistikk frå Luleå Stadsbyggnadskontor