Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°44′47″N 10°23′12″E

Røyken kyrkje
Røyken kirke
Røyken kirke TRS 060620 003.jpg
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Lier
Sokn Røyken
Fellesråd Røyken
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1229
 - Endringar M.a. 1936–39
Klokker 2, 1730 og 1907 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1600-talet, staffert 1695 og 1859, rest. 1936
Døypefont Kleberstein, frå mellomalderen
Altartavle Stillef Auke, staffert 1639
Orgel Eystein Gangfløt, 1982
Sitjeplassar 240
Wikimedia Commons: Røyken kirke

Røyken kyrkje er ei langkyrkje i Røyken kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vert gjerne datert til 1229. Sakristiet nord for koret er frå 1937 og våpenhuset i vest frå 1938.

Kyrkja har gamalt inventar: Døypefonten er frå mellomalderen og altarrtavle og preikestol frå 1600-talet. Det finst òg gamle gjenstandar frå kyrkja i Drammens Museum.

Nordvest for kyrkja står eit bårehus frå 1973, og prestegarden ligg sørvest for kyrkjegarden.[1]

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.