Drammens Museum for kunst og kulturhistorie, fylkesmuseum og galleri for Buskerud er ei stifting som vart skipa i Drammen i 1996. Museet har tilhald på Marienlyst på Strømsø i Drammen, men har i tillegg bygningar og parkar fleire andre stader i byen, mellom anna eit friluftsmuseum i nærleiken av Spiraltoppen i Bragernesåsen, og femner om det tidlegare Drammens Museum frå 1908, Drammen Kunstforening frå 1867, Stiftelsen Gulskogen Gård frå 1959 med eigedomen Gulskogen gård og park, eigedomen Austad gård, Thaulow-samlinga av kunst og kuriosa frå Modum Bad, og altså Friluftsmuseet. Frå 2004 har museet dessutan hatt ansvaret for drifta av Henrik Sørensen-museet Holmsbu Billedgalleri, Henrik Sørensens samlinger i Holmsbu i Hurum kommune ifølgje ein konsolideringsavtale.

Drammens Museum
Austad gård i Drammen; ein part av Drammens Museum.
Gulskogen gård i Drammen; ein part av Drammens Museum.

I museumsparken på Marienlyst, ein historisk 1700-talshage som er rekonstruert og ført tilbake til fordums prakt, ligg Lystgården Marienlyst frå slutten på 1700-talet (ikkje open for publikum), eit lite bygdetun med tømmerbygningar frå Hallingdal, museumsbygningen og den nye utstillingsbygningen frå 1990, Lychepaviljongen, som vert nytta til til skiftande utstillingar av kunst og kunsthandverk. Her finst dei faste samlingane av glas frå Nøstetangen Glassverk, barokksølv, 1700-tals drammensfajanse, bymøbel, tekstil, interiør, kyrkjekunst og folkekunst, målarkunst og døme på moderne formgjeving i såkalla Scandinavian Design.

I det faste galleriet for målarkunst vert det synt fram verk frå J.C. Dahls tid fram til vår tid i farga kabinett med tillaga små kunsthistoriske miljø. I eit rom er nasjonalromantikken med J.C. Dahl og Hans Gude å sjå, i eit anna er synt fram den store samlinga av måleri av Hans Heyerdahl som Drammens Museum er eigar av. Museet har dessutan utsøkte verk av Zartmann- og Matisse-elevane Harald Sohlberg, Thorvald Erichsen og Henrik Sørensen. Eit rom er egna 1920-talets og mellomkrigstidas art deco og nye saklegdom, representert ved Maurice de Vlaminck, Torstein Torsteinson og Roar Matheson Bye, og i eit anna rom er utstilt bilete med tema frå arbeidslivet og livet i byen og på garden; her har tendenskunsten fått plass. Museet syner òg fram moderne kunst, representert ved Gunnar S. Gundersen, Ole M. Bakken, Bård Brodersen og Jakob Schmidt, og glas, keramikk og emaljert metall i Scandinavian Design. Drammens Museum har skaffa seg ei rad utsøkte døme på det beste innanfor skandinavisk og amerikansk moderne formgjeving, mellom anna arbeid av Grete Prytz Kittelsen.

Gulskogen gård og park frå 1790-åra er eit freda kulturminne som er open for publikum i sommarsesongen. Austad gård, ein freda bygning frå om lag 1810, er tilgjengeleg for publikum i samband med ein serie herregardskonsertar, og elles for dei som tek del i lukka arrangement i bygningen i løpet av året. Friluftsmuseet midt i Drammens turterreng, 300 meter innanfor Spiraltoppen i Bragernesåsen, har 21 gamle tømmerhus som skal illustrere farne tiders gardsdrift og bygningstradisjonar i Buskerud.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre