Røyrsoppar

soppfamilie

Røyrsoppar er ein familie av hattsoppar. Dei er kjenneteikna av eit svampete lag av fine, loddrette røyr på undersida av hatten.[1]

Røyrsoppfamilien
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrike: Dikarya
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Røyrsoppordenen Boletales
Familie: Røyrsoppfamilien Boletaceae
Chevall., 1826

Fleire matsoppar er røyrsopp, til dømes steinsopp, smørsopp, lerkesopp og svartbrun røyrsopp (Boletus badius).[1] Nokre av soppane er svakt giftige, til dømes eldrøyrsopp og beisk røyrsopp (B. calopus), og treng varmebehandling for å vera etande.[1] Satansopp (Rubroboletus satanas) er meir giftig, og kan gje kraftige sjukdsomssymptom.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Høiland, Klaus (23. august 2023). «rørsopper». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Justin (5. juni 2019), «Satan’s Shroom», Nature's Poisons (på engelsk), henta 4. februar 2024 

Bakgrunnsstoff

endre