Satansopp (Rubroboletus satanas) er ein art i slekta Rubroboletus. Soppen er giftig, og kan gje kraftige sjukdomssymptom.[1] Unge soppar som ikkje har den karakteristiske raude stilken kan forvekslast med etande soppar av slekta Boletus, som denne soppen tidlegare var rekna for å tilhøyra.[2]

Satansopp
Satansopp
Satansopp
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Røyrsoppordenen Boletales
Familie: Røyrsoppfamilien Boletaceae
Slekt: Rubroboletus
Art: Satansopp R. satanas
Vitskapleg namn
Rubroboletus satanas

Det finst ikkje dokumenterte funn av soppen i Noreg, men ein har funne han i Sverige,[3] sørvest i Finland og i Danmark.[4]

Kjenneteikn

endre

Satansopp har halvkuleforma hatt som blir inntil 25 cm i diameter. Hatten er lysegrå til gulgrå, seinare lysebrun. Overflata på hatten er matt og tørr. Røyra er gule, med oransje til karminraude porer som blånar ved trykk. Stilken er gulaktig, seinare karminraud i midten og har gult årenett øvst. Kjøtet er gulkvitt og blånar sakte ved overskjering. Soppen luktar av urin som ung og seinare av rote.[5]

Soppen dannar sopprot i lag med varmekjære lauvtre, som eik og bøk. Han er særleg å finna på kalkrikt jordsmonn.[6]

Kjelder

endre
  1. Justin (5. juni 2019), «Satan’s Shroom», Nature's Poisons (på engelsk), henta 4. februar 2024 
  2. «Species Fungorum - Species synonymy», www.speciesfungorum.org, henta 4. februar 2024 
  3. Lotta Sandhammar, Unikt fynd av giftig svamp i Uppsala på svt.se, 21 september 2018.
  4. DjävulssoppArtdatabanken.
  5. Side 28, Sigmund Sivertsen: Sopp, Enkel Og Sikker Artsbestemmelse, oversatt av Jan Gausemel, Cappelen, 2005
  6. «Rubroboletus satanas, Devil's Bolete mushroom», www.first-nature.com, henta 4. februar 2024 

Bakgrunnsstoff

endre