RS «Langesund»

norsk redningsskøyte

RS 2 «Langesund» var den første redningsskøyta som vart sett i drift av Redningsselskapet. Ho vart tinga av Langesund Kreds til Skibbrudnes Redning hjå Thor Jensen ved Porsgrund Baadbyggeri. Utgangspunktet for bygginga var Colin Archer sine losskøyteteikningar. «Langesund» vart bygd noko lenger. Ho var rigga med ei mast, slik det var vanleg på losskøytene. Ho vart sjøsett 31. januar 1893. Kretsen stod for ein del av finansieringa. Resten bidrog Redningsselsapet med. Skøyta var stasjonert i Langesund.

RS 2 «Langesund»
Leverandør:  Thor Jenssen
Verft:  Porsgrund Baadbyggeri
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1892/1893
Byggjepris:  5 300,55 kroner
Namn i dag:  «Langesund»
Eigenskapar
Materiale: furu
Lengde:  13,50 meter
Breidde:  4,86 meter
Djupgåande:  2,70 meter
Seglareal:  129 m²
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1893
Ut av teneste:  1913
Menneskeliv berga:  102
Fartøy berga:  42
Fartøy assistert:  3562

I 1913 vart ho seld til Norges Sjøkartverk for 2500 kr. Ho var i privat eige 1937 - 45. Då vart ho forlengd og ombygd til fiskefartøy. Ho fekk innsett motor. Namnet vart endra til MS «Flinken». Frå 1975 til 1989 låg ho i opplag utan vedlikehald. Eit privat partsreiarlag overtok skøyta. Ho vart gjenoppbygd ved Djupevåg Båtbyggeri i Hardanger.

I 2008 overtok eit nytt sameige der Bamble kommune og lokale verksemder er dei største eigarane. Eit av dei viktigaste føremåla deira er at skøyta skal "Være til bruk for eierne i undervisningsøyemed for å øke kunnskapen om kystkultur, båtbyggertradisjoner og sjømannskap".[1] Langesundsfjorden Kystlag har ansvar for drift og vedlikehald.

Mannskapet på «Langesund» fekk Emile Robins belønning for sesongen 1904-1905, og for 1916.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Litt om de seilende redningsskøyter i Langesund