Rabab (òg kalla rebap, rabab, rebeb, rababah og al-rababa) er eit strengeinstrument som opphavleg kjem frå Afghanistan, men som òg er utbreidd i Pakistan, India, Persia, Levanten, Magreb, Søraust-Asia og delar av Europa.

Instrument frå mausoleet til Jalal ad-din Rumi i Konya i Tyrkia.

Instrumentet er som oftast laga av chandarntre, men morbærtre har òg vorte nytta. Rabab har 21 strengjar og vert rekna til luttfamilien (oudarabisk). Instrumentet er dekt med stramt geiteskinn, som ofte er lima fast. Stemmekassen har ofte forseggjorde utskjeringar.

Rabab er eit svært gamalt instrument og det finst mange versjonar av det. Ein nært slektning av rabab er gusla, som framleis er i bruk på Balkan. Medan somme versjonar vert spela om lag på same vis som lutt, vert andre versjonar spela med boge. Dei fleste av dei indiske strengeinstrumenta er i slekt med rabab. Den europeiske fiolinen er òg i slekt med rabab.

I Afghanistan er rabab mykje nytta for den typiske pasjtomusikken (pasjto er òg eitt av dei offisielle språka i Afghanistan). Hjå pasjtunarane går rabaen i arv frå generasjon til generasjon. Kjende rababutøvarar og læremeistrar er Ustad Kalam Bakhtyani, Muhammad Umer Rababi og Abdul Alam Khan Momand.

Sjå òg endre