Rashaya

(Omdirigert frå Rachaya)
Denne artikkelen handlar om Rashaya i Rashaya distrikt. For Rashaya i Hasbaya distrikt, sjå Rachaya Al Foukhar.

Rashaya, Rachaya, Rashaiya, Rashayya eller Rachaiya (arabisk راشيا), òg kalla Rashaya al-Wadi eller Rachaya el-Wadi, er ein by i Libanon i Rashaya distrikt og sør for Beqaa guvernement.[2] Han ligg kring 1350 meter over havet på vestsida av Hermon, søraust for Beirut nær grensa til Syria, halvvegs mellom Jezzine og Damaskus.[3][4]

Rashaya
راشيا
by
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Rashaya distrikt
Høgd 1 350 moh.
Koordinatar 33°30′46″N 35°50′00″E / 33.512778°N 35.833333°E / 33.512778; 35.833333
Folketal 8 500  (2007)[1]
Kart
Rashaya
33°30′07″N 35°50′42″E / 33.501944444444°N 35.845°E / 33.501944444444; 35.845
Wikimedia Commons: Rashaya

Rashaya har eit folketal på kring 6 000 til 7 500, som hovudsakleg er drusarar.[1] Han vert rekna som ein tradisjonell libanesisk by med gamle brusteinsgater og små butikkar mellom tradisjonelle steinhus med raude takstein.[1] Den vesle marknaden i midten av byen har forskjellige butikkar som sel lokalt handverk.[5] Den nærliggande Faqaaskogen er eit verneområde.[6]

Det er gjort fleire funn frå eldre og yngre steinalder i området.[7] Ruinane av eit romersk tempel ligg på venstresida av vegen frå Rashaya til landsbyen Aaiha, eit av fleire Hermontempel.[8]

Historie endre

 
Rashaya citadell

Rashaya citadell eller «Sjølvstendefestninga» har blitt eit nasjonalmonument,[9] og vart først bygd som eit palass av Shihab-familien på 1700-talet.[10] Han husar i dag det libanesiske forsvaret og kan vitjast.[11]

I juni 1860 var byen åstad for ein massakre, der 265 kristne vart drepne av drusarar, somme i festninga.[12][13] Kring tusen offer vart drepne i områda kring Hasbaya og Rashaya mellom 10 og 13. juni.[14]

I november og desember 1925 hamna byen i og vart nesten utsletta i eit av dei største slaga i det store drusaropprøret, då 429 kristne heimar anten vart øydelagd eller jamna med jorda. 3000 drusarar under Zayd Beg kringsette festninga med franske legionærar under ein kaptein Granger mellom 20. og 24. november.[15] Drusarane gjekk etter kvart på sitt første store nederlag mot franske forsterkingar, med store tap i det som var vendepunktet til drusarinvasjonen sør i Libanon.[10]

Under Det franske mandatet og den 11. november 1943, vart fleire libanesiske nasjonale leiarar arresterte i Rashaya av frie franske soldatar (Bechara El Khoury, som blei den første presidenten i det sjølvstendige Libanon, Riad El-Solh (statsminister), Pierre Gemayel, Camille Chamoun og Adel Osseiran). Dette førte til nasjonalt og internasjonalt press for å få sleppe dei fri, og Frankrike gjekk til slutt med på dette. Den 22. november 1943 vart fangane sleppte fri og same dagen vart sjølvstendet til Libanon erklært.

Klima endre

Rashaya får mellom 650 mm og 750 mm nedbør av året, og kring to femtedelar av dette kjem mellom november og mars. Årsmiddeltempeaturen er 15 °C, og varierer frå 35 °C om sommaren til -5 °C om vinteren. Den dominerande vindretninga er aust til vest, og byen er frå den retninga verna av fjella.[6]

Økonomi endre

Hovudnæringa i byen er jordbruk, tenester og turisme. Byen har to olivenoljepresser og tre druesirupfabrikkar. Rashaya vart erklært eit av ni fattigdomsområde i Libanon i ei undersøking av 2002. Verdsbanken og U.S. Aid har finansiert fleire utviklingsprosjekt i området, mellom anna eit kloakkhandsmingsanlegg.[6][16]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Smin Cood Editore (11. mai 2007). Terra Madre: 1 600 food communities. Smin Cood Editore. ISBN 978-88-8499-118-8. Henta 22. september 2014. 
  2. Robert M. Khouri (2003). Liban 1860: chronique des événements. R. Khouri. Henta 22. september 2014. 
  3. [1], henta 21. august 2014
  4. Dominique Auzias; Jean-Paul Labourdette; Collectif (17. juli 2012). Liban 2012 (avec cartes, photos + avis des lecteurs). Petit Futé. s. 114–. ISBN 978-2-7469-6383-2. Henta 22. september 2014. 
  5. Collectif; Jean-Paul Labourdette; Dominique Auzias (1. juni 2011). Liban. Petit Futé. s. 290–. ISBN 978-2-7469-4918-8. Henta 22. september 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Environmental impact assessment report, Wastewater treatment plant, Rashaya, Rashaya Caza Libanon, YMCA-Libanon, M.E.E.A. Ltd., Consulting Environmental Engineers, Beirut, Libanon, November 2005.
  7. L. Copeland; P. Wescombe (1966). Inventory of Stone-Age Sites in Lebanon: North, South and East-Central Libanon, s. 34-35. Impr. Catholique. Henta 22. september 2014. 
  8. George Taylor (1971). The Roman temples of Libanon: a pictorial guide. Les temples romains au Liban; guide illustré. Dar el-Machreq Publishers. Henta 22. september 2014. 
  9. Eugenie Elie Abouchdid (1948). Thirty years of Libanon & Syria, 1917-1947. Sader-Rihani Print. Co. Henta 22. september 2014. 
  10. 10,0 10,1 Meir Zamir (1985). The Formation Of Modern Lebanon. Croom Helm. s. 175–. ISBN 978-0-7099-3002-0. Henta 22. september 2014. 
  11. Libanon Atlas - Rashaya: Turisme i Libanon, Libanon Touristic Sites, Rachaya al Wadi, Rashayya, arkivert frå originalen 20. juli 2008, henta 23. september 2014 
  12. Hottinger. University of California Press. s. 174–. GGKEY:2Z8L6JXTWN3. Henta 22. september 2014. 
  13. George Seldes (30. juli 2004). You Can't Print That! the Truth Behind the News 1918 To 1928. Kessinger Publishing. s. 262–. ISBN 978-1-4179-3909-1. Henta 22. september 2014. 
  14. William Harris (19. juli 2012). Libanon: A Historie, 600-2011. Oxford University Press. s. 158–. ISBN 978-0-19-518111-1. Henta 22. september 2014. 
  15. Tony Jaques (2007). Dictionary of Battles and Sieges: P-Z. Greenwood Publishing Group. s. 841–. ISBN 978-0-313-33539-6. Henta 22. september 2014. 
  16. USAID opens water treatment plants in Bekaa, The Daily Star (Libanon), July 30, 2007., arkivert frå originalen 22. oktober 2012, henta 23. september 2014 

Bakgrunnsstoff endre