Ragnar Thorseth

norsk skribent

Ragnar Thorseth (fødd 17. februar 1948) er ein norsk eventyrar og forfattar frå Herøy på Sunnmøre.

Ragnar Thorseth
Fødd 17. februar 1948 (73 år)
Yrke skribent

Ragnar Thorseth vart kjend som eventyrar etter fleire dristige turar i mindre båtar. I 1969 rodde han som første mann åleine frå Noreg (Måløy) til LerwickShetland. I det neste tiåret reiste han mellom anna Nordishavet rundt, over Atlanterhavet og gjennom Nordvestpassasjen. I 1982 var han med på ein snøskuterekspedisjon som gjekk over isen til Nordpolen. Målet vart nådd 29. april. I perioden 1984—1986 sigla han verda rundt med «Saga Siglar». På slutten av 1980-talet var han og familien ein vinter i isaudet i KongsfjordenSvalbard.

I 1989 starta han saman med si dåverande kone, Kari, opp Håholmen Havstuer på Håholmen i Hustadvika. Seinare er denne seld.

I august 2000 vart han utsett for ei alvorleg rideulykke. I 2003 spelte han inn tre program i dokumentarserien "Med torsk til Lofoten", saman med sin gode venn Malvin Frisnes. Ragnar Thorseth er frimurar.

Ragnar Thorseth har gitt ut bøker med tekst og bilete frå alle dei største ekspedisjonane.

EkspedisjonarEndra

BibliografiEndra

  • Alene over Nordsjøen - og eventyrferder i Nordishavet - 1979 (Nordvest informasjon)
  • Med kurs for Nordvestpassasjen: 75 år etter Roald Amundsen - 1981 (Nordvest informasjon)
  • Ferden mot Nordpolen - 1982 (Hjemmet)
  • Forlis: Nord i isheimen - 1983 (Nordvest informasjon)
  • Saga siglar: århundrets seilas jorda rundt - 1988 (Nordvest forlag)
  • Familien i isødet: En vinter i Kongsfjorden på Svalbard - 1989 (Grøndahl)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra