Ragnhild Haga
Ragnhild Haga (fødd 12. februar 1991) er ein norsk langrennar frå Holter i Nannestad kommune. Ho vart olympisk meister på 15 km og i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 2018. Haga har elles vunne ein verdscupsiger i finske Ruka der ho 26.11.2017 hadde beste tid i 15 km punktstart.
Ragnhild Haga | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. februar 1991 (33 år) Holter |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018, Ski-VM 2021 |
Haga var i 2009-sesongen med på IL Heming sitt stafettlag som vann NM-stafetten på Gjøvik, med saman med Tuva Toftdahl og Astrid Jacobsen. Fem år seinare gjentok dei same tre utøvarane prestasjonen under NM 2014 på Lillehammer. Vinteren 2011 vann Haga 5-kilometeren då junior-VM fann stad i estiske Otepää. Ho byrja nærja nærme seg verdstoppen i langrenn i 2015-sesongen, ein sesong der ho vart nummer fire i Tour de ski.
Haga debuterte i verdsmeisterskap på ski den 4. mars 2017 og vart nummer fire på tremila, einast slått av landskvinnene Marit Bjørgen, Heidi Weng og Astrid Jacobsen. 26. november 2017 vann Haga den innlagde punktstarten då Ruka-turneringa i Finland vart avslutta med 15 km jaktstart.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 2010: Nr 9 på 10 km i Stokke
- Ski-NM 2011: –
- Ski-NM 2012: Nr 9 på 10 km på Voss
- Ski-NM 2013: Nr 13 på 30 km på Løten
- Ski-NM 2014: Nr 7 på 15 km på Lillehammer
- Ski-NM 2015: Nr 4 på 15 km på Røros
- Ski-NM 2016: Bronsemedalje på 15 km i Tromsø
- Ski-NM 2017: Nr 4 på 15 km på Gran
- Ski-NM 2018: Gullmedalje på 30 km, bronse på 5 km, 10 km og 15 km
- Ski-NM 2019: Nr 8 på 15 km i Meråker
- Ski-NM 2020: Nr 4 på 10 km i Drammen
- Ski-NM 2021: Sølvmedalje på 10 km i [Trondheim]]
- Ski-NM 2022: Sølvmedalje på 15 km på Gran
- Ski-NM 2023:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ragnhild Haga» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Ragnhild Haga – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Ragnhild Haga» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. april 2023.