Ragnhild Lied (fødd 26. april 1959 i Volda) er ein norsk lærar, sakprosaforfattar og fagforeiningsleiar. Frå 1. januar 2013 til slutten av 2015 var ho leiar av Utdanningsforbundet etter å ha vore tillitsvald på heiltid sidan 2002.[1] Frå 2016 er ho leiar av Unio.[2]

Ragnhild Lied

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. april 1959 (65 år)
Tittel Leiar for Utdanningsforbundet
Periode 2012–2015
Føregangar Mimi Bjerkestrand
Etterfylgjar Steffen Handal
Tittel Leiar for Unio
Periode 2016–
Føregangar Anders Folkestad
Etterfylgjar (sitjande)
Ragnhild Lied på Commons

Utdanning og karriere

endre

Lied tok hovudfag i idrettsfag i 1990 med ei oppgåve om arbeidssituasjonen for kroppsøvingslærarar i videregåande skule[3] og med mellomfag i friluftsliv og grunnfag matematikk. Ho har undervist i realfag og idrettsfag ved Stranda videregåande skule. Ho er medforfattar av eit læreverk i kroppsøving, Gymnos som blei gjeve ut fyrste gong i 2003. Ho var frå 2001 til 2003 medlem av det såkalla Søgnenutvalet som forberedde skulereforma Kunnskapsløftet. Lied har hatt verv i Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)[4] og Ungt Entreprenørskap.[5] Ho sit i styringsgruppa for Kunnskap i skolen (KiS) ved Universitetet i Oslo.[6] I perioden 2010–2012 har ho vore styremedlem i organisasjonen European Trade Union Committee For Education (ETUCE) som representerer lærarfagforbund i EU-systemet.[7] Ho blei tillitsvald i 2002, nestleiar i Utdanningsforbundet i 2010 og vald til leiar i november 2012.[1] Ho etterfølgde Mimi Bjerkestrand 1. januar 2013.[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 utdanningsforbundet.no Ragnhild Lied ny leiar[daud lenkje] 06.11.2012
  2. utdanningsforbundet.no Ragnhild Lied valgt som ny leder av Unio Arkivert 8. desember 2015 på Wayback Machine. 07.12.2015
  3. Ragnhild Lied Arbeidssituasjonen til kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule Hovedfagsoppgave - Norges idrettshøgskole, 1990
  4. udir.no Samarbeidsrådet for yrkesopplæring / medlemmer Arkivert 16. oktober 2012 på Wayback Machine.
  5. Ungt entreprenørskap / Styret[daud lenkje]
  6. uio.no Styringsgruppe, Kunnskap i Skolen
  7. EI Pan-European Committee / ETUCE Executive Board 2010-12
  8. Her er den nye lederen – barnehage.no

Bakgrunnsstoff

endre