Ragnhild Michelsen

norsk skodespelar

Ragnhild Michelsen (23. juni 191130. september 2000) var ein norsk skodespelar, fødd i Narvik.

Ragnhild Michelsen
9. desember - December 9 (6441617461) (cropped).jpg
Fødd 23. juni 1911
Narvik
Død

30. september 2000 (89 år)

Yrke skodespelar, filmskodespelar
Ragnhild Michelsen på Commons

Michelsen debuterte på Søilen Teater i Oslo i 1935. Ho var tilsett 1935-40 ved Carl Johan Teatret i Oslo og 1940-47 ved Den Nationale Scene i Bergen. Sidan arbeidde ho ved ulike teater i Oslo; Det Norske Teatret 1947–52, Folketeatret 1952–59, Oslo Nye Teater 1959–61 og Fjernsynsteatret 1961–81.

Michelsen vert mellom anna hugsa for roller i stykke av Arnold Wesker og Oskar Braaten, men kanskje særleg som madam Torvestad i Skipper Worse av Alexander Kielland. Alle desse rollene gjorde ho i Fjernsynsteatret sin regi.

KjelderEndra

Store norske leksikon