Opna hovudmenyen

Ralph Waldo Emerson (25. mai 180327. april 1882) var ein US-amerikansk forfattar og filosof frå Boston i Massachusetts.

Ralph Waldo Emerson
RWEmerson.jpg
Fødd 25. mai 1803
Boston
Død

27. april 1882
Concord i Massachusetts

Yrke filosof, lyrikar, skribent, essayist, dagbokskrivar, biograf
Sjanger Transcendentalisme
Far William Emerson
Ektefelle Lidian Jackson Emerson, Ellen louisa tucker
Born Edward Waldo Emerson
Ralph Waldo Emerson på Commons

Emerson var av presteslekt og avla teologisk eksamen ved Harvard-universitetet i 1826. Åra 1829-32 var han prest i den lokale Unitarian Church, men sa opp i protest i 1832 då han meinte nattverden var grunnlaus.

Han la ut på reise til Europa og vart kjend med engelske romantiske diktarar og knytte vennskap med fleire framståande personar, så som Thomas Carlyle og John Stuart Mill.

I 1835 busette Emerson seg i Concord. Året etter kom verket Nature ut anonymt. Her formulerte han sitt filosofiske syn som danna grunnlag for ei åndshistorisk rørsle kalla transcendentalismen. Tankane i transcendentalismen hadde røter i platonsk filosofi, orientalsk mystisisme, skotsk intuisjonfilosofi og tysk romantikk. Emerson utvikla synspunkta sine gjennom ei mengd foredrag som til sist munna ut i artiklar. Artiklane gjev uttrykk for idealisme, anti-materialisme og optimisme. Fram om alt verka Emerson til ei nasjonal, kulturell og intellektuell oppvakning i USA.

Emerson skreiv også ei rekke dikt. Dikta, men og mange av artiklane, har vorte rekna som vanskeleg tilgjengelege. Lite av Emersons poesi er omsett til norsk, men enkeltdikt gjendikta av Sigmund Skard finst i Under nye stjerner og Framande dikt frå fire tusen år.

KjelderEndra

  • Gyldedals store konversasjonsleksikon, 1972

LitteraturEndra

  • Hagen, Erik Bjerck. Litteratur og handling : pragmatiske tanker om Ibsen, Hamsun, Solstad, Emerson og andre. Universitetsforlaget, 2000. ISBN 82-00-45429-0

BakgrunnsstoffEndra