Ramat Rachel (hebraisk רָמַת רָחֵל) er ein kibbutz sør for Jerusalem i Israel, som ein enklave innafor kommunegrensa til Jerusalem. Han ligg oppom Betlehem og Rakelgrava (som han er kalla opp etter) og ligg innafor Den grøne linja i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2010 var folketalet i kibbutzen kring 400.

Ramat Rachel
רָמַת רָחֵל
kibbutz
Namneopphav: Rachelhøgda
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°44′23.97″N 35°13′8.37″E / 31.7399917°N 35.2189917°E / 31.7399917; 35.2189917
Folketal 351  (2007)
Grunnlagd 1926
 - Grunnlagd av Jerusalem-brigaden frå Gdud HaAvoda
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Ramat Rachel
31°44′24″N 35°13′08″E / 31.739991666667°N 35.218991666667°E / 31.739991666667; 35.218991666667
Wikimedia Commons: Ramat Rachel
Nettstad: www.ramatrachel.co.il

Historie endre

Kibbutzen vart grunnlagd i 1926 av medlemmar av Gdud HaAvoda arbeidarbrigade. Målet deira var å slå seg ned i Jerusalem og livnære seg av manuelt arbeid, i yrke som steinskjering, husbygging og spedisjon.[1] Etter å ha budd i ein mellombels leir i Jerusalem, slo ei gruppe på ti pionerar seg ned i eit steinete område, på ein ås 803 meter over havet, sør for byen. Kibbutzen vart øydelagd av arabarane i opprøra i 1929. Hundrevis av arabarar gjekk til åtak på garden og brende han til gnunen.[2] Nybyggjarane kom attende til staden eit år seinare. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart han avskoren frå byen.[3] I 1967 vart han utsett for intensiv artilleribombing frå jordanske stillingar. Etter kvart som Jerusalem voks sørover, vart kibbutzen omringa på alle fire sider av bygrensene.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. juli 2017, henta 10. oktober 2014 
  2. http://www.krr.co.il/ Offisiell nettstad
  3. The battle for Ramat Rachel: Southern gateway to Jerusalem Da'at

Bakgrunnsstoff endre

Mal:Bydelar i Jerusalem