Randulf Dalland
Randulf Dalland (4. mai 1900–9. november 1984) var ein norsk politikar som representerte Bergen og Norges Kommunistiske Parti på Stortinget i perioden 1945–49.
Randulf Dalland | |||
| |||
Fødd | 4. mai 1900 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 9. november 1984 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norges Kommunistiske Parti | ||
Yrke | politikar, redaktør | ||
Utdanna ved | Den internasjonale Lenin-skolen | ||
Ektefelle | Anna Dalland | ||
Alle verv |
|
Dalland arbeidde som rørleggjar i heimbyen Bergen frå 1915 til 1927. Han engasjerte seg tidleg i fagrørsla og etter kvart i den kommunistiske ungdomsorganisasjonen. I det radikale miljøet i heimbyen møtte han Anna Paulson, som han gifta seg med.
Ekteparet busette seg i Odda, der Dalland dreiv eiga rørleggjarverksemd. I 1927 melde han seg inn i NKP, og var i fleire år formann for partiet i Odda, ei industribygd der NKP stod sterkt. Frå 1930 til 1932 redigerte Dalland den lokale NKP-avisa Hardanger Arbeiderblad, der også kona arbeidde. Han var medlem av Odda heradsstyre i åra 1932–34. Frå 1932 til 1935 var han sekretær i fagopposisjonen på Vestlandet, samstundes som han var journalist i NKP-avisa Arbeidet. Frå 1935 til 1937 var han innvald i Bergen bystyre.
I 1935/36 studerte Dalland ved den såkalla Lenin-skulen i Moskva. Han braut av studiane for å delta i den spanske borgarkrigen. Saman med andre friviljuige fekk han opplæring og offiserskurs ved ein militærskule i byen Rjlazan sør for Moskva.
Tidleg i 1937 reiste han via Sverige og Frankrike til Spania. Familien vart buande i Moskva. I Spania slutta Dalland seg til den 11. internasjonale brigade, der han var løytnant i ei sambandsavdeling. Under eit oppdrag bak fiendelinjene på Madrid-fronten vart han i juni 1937 teken til fange, og seinare dømd til døden. Både politisk og diplomatisk arbeidde norske styresmakter for å få sett han fri, og i 1940 vart han utvist frå Spania.
Dalland lukkast ta seg til Storbritannia, der han under andre verdskrigen frå juni 1940 gjorde teneste i den norske brigaden i Skottland. Ved radioapparatet i militærleiren fekk han overraskande livsteikn frå familien: Dalland forstod brått at det var røysta til kona han høyrde frå Radio Moskva. Anna Dalland hadde fått ei ganske sentral rolle i løpet av dei åra ekteparet ikkje hadde kontakt.
Dalland vart dimittert frå militæret i november 1945, omtrent samstundes som kona kunne forlate Moskva og reise tilbake til heimlandet. I Noreg vart Dalland vald inn på Stortinget i det første etterkrigsvalet, då NKP vann 11 mandat. På Tinget var han medlem av militærkomiteen og Lagtinget.
Frå 1950 til 1965 var Dalland partisekretær i NKP. Ein periode var han også journalist i partiavisa Friheten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Randulf Dalland» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2016.