Opna hovudmenyen

Rangitikei District er eit distrikt der den største delen ligg i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand. Ein mindre del, byen Ngamatea (13,63% av arealet), ligg i regionen Hawke's Bay. Distriktet ligg sørvest på øya, og omfattar nedslagsfeltet til Rangitikei River.

Rangitikei District
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Leiar: Chalky Leary
Urbane område
Byar: Marton, Bulls, Hunterville, Mangaweka og Taihape.
Distrikt
Namn: Rangitikei District
Folketal: 14 712[1]
Flatevidd: 4 538 km² [2]
Utbreiing: Pukeokahu til Whangaehu,

Turangarere til Rangitikei River

Heimeside: http://www.rangitikei.govt.nz
Regionstyre
Namn: Manawatu-Wanganui (Horizons Regional Council),
Hawke's Bay
Heimesider: http://www.horizons.govt.nz
http://www.hbrc.govt.nz
Rangitikei River.

Innhaldsliste

GeografiEndra

Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå South Taranaki Bight mot North Island Volcanic Plateau. Det dannar eit trapesforma område som omfattar byane Taihape, Bulls, Marton, Hunterville og Mangaweka. Flatevidda til distriktet er 4 538 km². Topografisk varierer landskapet frå sandsletter langs kysten til karakteristiske åsryggar i innlandet.

FolketalEndra

Ved folketeljinga i 2006 var det 14 712 innbyggjarar i distriktet[1]. Den største byen, og setet for distriktsstyret, er Marton, der folketalet var 4 680 ved teljinga.

TogulukkaEndra

Ein del av Whangaehu River renn gjennom den nordlege delen av distriktet. I den øvre delen av elva fann Tangiwai-katastrofen stad julaftan i 1953, den største jarnvegsulukka på New Zealand, der 151 menneske mista livet.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 [1] Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006
  2. [2] Frå distriktet si heimeside.

BakgrunnsstoffEndra