Rasmus Tveteraas

norsk politikar

Rasmus Olsson Tveteraas (28. desember 186210. juni 1938) var ein norsk skulemann, skribent og politikar frå Haus i Hordaland. Han representerte VenstreStortinget frå 1924 til 1930.

Rasmus Tveteraas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1862
Død

10. juni 1938 (75 år)

Yrke politikar
Politisk parti Venstre
Born Vilhelm Tveteraas, Harald L. Tveterås

Han var son til ein gardbrukar. Etter eksamen ved Stord seminar var Tveteraas lærar i Høgsfjord i tida 1883-90. Frå 1892 var han lærar ved skular i Stavanger, sidan 1906 styrar ved Sandviken skole og 1910 Våland skole. Han avslutta yrkeslivet som skuleinspektør i Stavanger, 1922–1933.

Medan han var i Høgsfjord vart Tveteraas vald inn i heradsstyret. I Stavanger var han bystyremedlem frå 1898 til 1934, unnateke valperioden 1902-04. Tveteraas var varamann for Venstre, og ein valkrins som omfatta heile fem byar, til Stortinget i periodane 1922-24 og 1925-27. Han møtte frå 25. juli 1924, då Lars Oftedal vart sosialminister, og hadde sete på tinget til midt i neste valbolken, då Lars Meling atter tok plass i Stortinget ettersom regjeringa han sat i gjekk av. Perioden 1928-30 hadde Tveteraas fast stortingsplass og var medlem av kyrkje og sosialkomiteen.

Tveteraas var i mange år formann i Rogaland Historielag og redaktør for Rogaland Historielags årshefte, samt medlem av hovedstyret Det norske Misjonsselskap. Frå 1891 gav han ut fleire forteljingar og diktsamlingar.

Kjelder

endre