Elan Rasofiel Rise (1. mai 184410. oktober 1929) var ein norsk komponist, lærar, gardbrukar og songleiar. Han var fødd på matrikkelgarden Nedre-Rise i Hareid, og busett på matrikkelgarden Bigset i same bygda.

Rasofiel Rise
Fødd 1. mai 1844
Død

10. oktober 1929 (85 år)

Yrke komponist

Etter kveldsskule i heimbygda, tok Rise i 1861 til på den nystarta «høiere almenskole» i Volda.[1] Frå nyår vart han flytta over i Voldens lærerskole, og tok eksamen same året om sommaren. Same hausten vart han tilsett lærar i heimbygda Hareid, og vart der til han slutta lærargjerninga i 1910.[2][3]

Rise såg seg ikkje råd å gå Stord seminar. Noko tilleggsutdanning fekk han i 1868, då han gjekk eit fem vekers gymnastikkurs i Bergen.[4] Medan han var i byen fekk Rise litt opplæring i notelære og songinstruksjon. Dette vart all hans musikkopplæring. I 1878 gjekk han til fots for å delta på eit skandinavisk lærarkurs på Christopher Bruun sin folkehøgskule Vonheim i Gausdal i Oppland.[4] Der høyrde han taler av Bruun og Bjørnstjerne Bjørnson, og vart grundtvigianar.[3] I mai 1877 gjekk han heile vegen frå Veblungsnes til Kristiania for å gå i lære hos kunstmålaren Knud Bergslien.[4] Etter to månader tok pengane slutt, og han la på heimveg over Ringerike, opp Valdres og over til Sogn.

Rise leia songkor i heimbygda i over femti år. Frå den tid han tok til som lærar samla han på dei preikefrie sundagane folk frå gardane og grendene i kring, til innøving av song.[3] Før Hareids-kyrkja fekk orgel i 1920, leia Rise i tiår etter tiår salmesongen i kyrkja.[2] Han har vorte rekna som grunnleggar av den utbreidde tradisjonen for fleirstemt korsong på Sunnmøre generelt, og i Hareid spesielt.[3][5] Rise er særleg kjend for melodiane til fleire Aasen-songar, m. a. «Tidt eg minnest ein gamal gard».[4]

I 1921 vart han påskjøna med Kongens fortenestemedalje i sylv for arbeidet sitt i skulen, for songen og for tonediktinga si.[6] 17. mai 2022 vart ei statue av Rasofiel Rise avduka på bygdetunet Vonheim.[7]

Han var far til mangeårig ordførar i Hareid, Randulf Rise, kunstmålaren Hermod Rise og kunstfotografen John Riise.

Kjelder endre

  1. Grimstad, Ivar (1950). Sunnmørs-song i 50 år. [Ålesund]: Sunnmøre Songarlag. s. 59. 
  2. 2,0 2,1 Grimstad, Johan H. (2000). Korsong på Sunnmøre. Sunnmøre korforbund. s. 192. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Bruaset, Oddvar. (2008). Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II. Skyline. s. 109. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Grimstad, Ivar (1950), s. 60
  5. Grimstad, Johan H. (2000), s. 191
  6. Grimstad, Ivar (1950), s. 61
  7. Bjerknes, A. (2022, 19. mai). – Ein unik kulturberar. Sunnmørsposten, s. 26-27.