Raundalen kyrkje

kyrkje i Voss kommune

Raundalen kyrkje står på Øyeflaten i Raundalen i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1921.

Raundalen kyrkje
kyrkje
Foto: PerPlex
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Raundalen
Fellesråd Voss
Type Langkyrkje
Arkitekt Haldor Larsen Børve[1]
Material Tre
Innvigd 1921[1]
Stopul Truleg frå kring 1905
Takryttar Midt over skipet
Skip Treskipa
Kyrkjegard Ved kyrkja, innvigd 1905
Altartavle Frå 1952 av Lars Osa
Sitjeplassar Om lag 125[1]
Kart
Raundalen kyrkje
60°40′38″N 6°37′50″E / 60.67722222°N 6.63055556°E / 60.67722222; 6.63055556
Wikimedia Commons: Raundalen kirke
Raundalen kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Raundalen kyrkje

Ho er teikna av Haldor Larsen Børve og er bygd i tre. Veggane er i bindingsverk kledd med panel og trestolpar (søyler) i kyrkjerommet ber midtskipsveggane. Kyrkja er treskipa med forhøga midtskip. Sideskipa har form noko nær ein omgang. Dette gjev kyrkja eit preg som fører tanken til stavkyrkjene.[1][2]

Kyrkja er den fyrste på staden. Før dei fekk henne sokna folk i området til VangskyrkjaVossavangen.

Altertavla endre

Altertavla er måla av Lars Osa og syner Jesu gravlegging. Målarstykket er frå 1952. Før denne tavla kom på plass var det ein utskoren trekross i ramme som tente som altertavle.

Gravstad endre

Gravstaden i Raundalen vart teken i bruk i 1905. Klokkestøpulen som står ved kyrkja er truleg frå same tida og såleis eldre enn kyrkja.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre