Real Live
Konsertalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 29. november 1984
Innspelt 5. til 8. juli 1984
Sjanger Folkrock, hardrock
Lengd 50:15
Selskap Columbia
Produsent Glyn Johns
Bob Dylan-kronologi 
Infidels
(1983)
Real Live Empire Burlesque
(1985)


Real Live er eit konsertalbum av Bob Dylan frå Europa-turneen hans i 1984. Det kom ut same året på Columbia Records. Det meste av konserten vart spelt inn på Wembley Stadium den 8. juli, mn «License to Kill» og «Tombstone Blues» kom frå St James' Park i Newcastle den 5. juli, og «I and I» og «Girl from the North Country» vart spelte inn i Slane Castle i Irland den 8. juli

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Robert Christgau(B)[2]
Rolling Stone3/5 stars[3]

Albumet vart produsert av Glyn Johns og har Mick Taylor (tidlegare Rolling Stones) på sologitar, Ian McLagan (tidlegare frå Faces) på keyboard, og ein gjesteopptreden av Carlos Santana. Real Live vart spelt inn på turneen etter albumet Infidels og medan Infidels fekk god kritikk, fekk Real Live meir blanda mottaking.

Albumet kom ut i desember for å utnytte julehandelen, men selde likevel skuffande. Det nådde berre 115. plass i USA og 54. plass i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 13. plass.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Highway 61 Revisited»5:07
2.«Maggie's Farm»4:54
3.«I and I»6:00
4.«License to Kill»3:26
5.«It Ain't Me, Babe»5:17
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Tangled Up in Blue»6:54
2.«Masters of War»6:35
3.«Ballad of a Thin Man»4:17
4.«Girl from the North Country»4:25
5.«Tombstone Blues»4:32

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Produksjon endre

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Real LiveAllmusic
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 3. desember 2018. 
  3. Loder, Kurt (14. februar 1985). «Bob Dylan: Real Live : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 3. desember 2018.