Rebop Kwaku Baah
Anthony «Rebop» Kwaku Baah (13. februar 1944–12. januar 1983) var ein ghanesisk perkusjonist som kanskje er mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra med rockegruppene Traffic og Can.
Rebop Kwaku Baah | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Konongo | ||
Død | 12. januar 1983 (38 år) | ||
Dødsstad | Stockholm i Sverige | ||
Fødenamn | Anthony Kwaku Baah | ||
Opphav | Ghana, Tyskland | ||
Sjanger | Rock, jazzfusion, jazz | ||
Instrument | Trommer, congatrommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Traffic, Can, Zahara | ||
Verka som | Musikar |
Biografi
endreI 1969 spelte Rebop på Randy Weston-albumet African Rhythms før han vart medlem av det engelske bandet Traffic frå 1971 til 1974, etter å ha møtt dei i Sverige under ein turné i 1971. Han er med på albuma Welcome to the Canteen, The Low Spark of High Heeled Boys, Shoot Out at the Fantasy Factory og On the Road.
I 1973 spelte han på Eric Clapton's Rainbow Concert i lag med Eric Clapton, Pete Townshend, Rick Grech, Jim Capaldi, Ronnie Wood, Jimmy Karstein og Steve Winwood.
Etter at Traffic vart oppløyst, spelte han på Steve Winwood sitt debutalbum som soloartist, som kom ut i 1977. I 1977 vart han òg medlem av det tyske bandet Can i lag med tidlegare Traffic-bassist Rosko Gee, og spelte med dei til bandet vart oppløyst i 1979. Han er med på albuma deira Saw Delight, Out of Reach og Can.
I 1983 spelte han inn eit album med Zahara, ei gruppe med fleire kjende medlemmar som Paul Delph (klaverinstrument), Bryson Graham (trommer) og Rosko Gee (bass).[1]
Rebop døydde av hjerneblødning under ein konsert i Sverige i 1983. Han hadde opphavleg reist der som ein del av turnebandet til Jimmy Cliff. Det siste albumet hans, Melodies in a Jungle Mans Head, kom ut i uferdig stand.[2]
Rebop må ikkje forvekslast med den nigerianske trommeslagaren Remi Kabaka. Reebop og Remi var begge med på Jim Capaldi-albumet Short Cut Draw Blood frå 1975. Dei spelte òg begge med Steve Winwood til forskjellige tider.
Diskografi
endreSolo
endre- 1972 Reebop
- 1973 Anthony Reebop Kwaku Baah (1973)
- 1977 Trance (1977)
- 1983 Melodies in a Jungle Mans Head (1983)
med Traffic
endre- 1971 Welcome to the Canteen
- 1971 The Low Spark of High Heeled Boys
- 1973 Shoot Out at the Fantasy Factory
- 1973 On the Road
med Can
endre- 1977 Saw Delight
- 1978 Out of Reach
- 1979 Can
med andre
endre- 1969 Randy Weston, African Cookbook
- 1972 Jim Capaldi, Oh How We Danced
- 1973 Eric Clapton, Eric Clapton's Rainbow Concert
- 1973 Rolling Stones, Goats Head Soup
- 1975 Jim Capaldi, Short Cut Draw Blood
- 1977 Steve Winwood, Steve Winwood
- 1983 The Unknown Cases, Masimbabele (12" 45)
- 1984 Wally Badarou, From the CD "Echoes" - Jungle
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rebop Kwaku Baah» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Rebop Kwaku Baah at Allmusic
- Rebop Kwaku Baah ved The Internet Movie Database (IMDb)