Welcome to the Canteen

Welcome to the Canteen
Konsertalbum av Traffic
Språk engelsk
Utgjeve 1971[1]
Innspelt Fairfield Halls, Croydon, 6. juni 1971
The Oz Benefit Concert, London, July 1971
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion, jamrock
Lengd 39:21
Selskap United Artists/Island[1]
Traffic-kronologi 
John Barleycorn Must Die
(1970)
Welcome to the Canteen The Low Spark of High Heeled Boys
(1971)


Welcome to the Canteen er det første konsertalbumet av det engelske rockebandet Traffic. Det vart spelt inn i Fairfield Halls i Croydon og Oz Benefit Concert i London i juli 1971, og kom ut i september same året. Det vart spelt inn under den tredje perioden til Dave Mason, som berre varte seks konsertar.

Albumet inneheld ein song kvar frå dei tre første Traffic-albuma, to songar frå det første soloalbumet til Mason, Alone Together og «Gimme Some Lovin'» frå det tidlegare bandet til Steve Winwood, Spencer Davis Group.

Albumet gjorde det overraskande dårleg i heimlandet Storbritannia og vart den første av ei rekkje utgjevingar av gruppa som ikkje gjekk inn på albumlista der.[2] I USA vart det derimot ein solid suksess og nådde 26. plassen på albumlista der. Singelen «Gimmie Some Lovin' (live)», nådde 68. plassen på Billboard Hot 100.[3]

Sjølv om det vert rekna som eit Traffic-album, vart det opphavleg gjeve ut utan namnet «Traffic» på omslaget, og i staden stod namnet på dei sju individuelle musikarane. Likevel var Traffic-logoen på baksida.

Bakgrunn endre

I 1970 turnerte Traffic for å marknadsføre albumet John Barleycorn Must Die, med ein kvartett som bestod av Steve Winwood, Chris Wood, Jim Capaldi og Ric Grech. I november spelte gruppa ei rekkje konsertar i Fillmore East, og innspelingane frå desse konsertane vart samla til eit konsertalbum som besstod av «Who Knows What Tomorrow May Bring», «Glad», «Pearly Queen», «40,000 Headmen», «Dear Mr. Fantasy» og «Can't Find My Way Home».[4] Dette albumet var meint å kome ut tidleg i 1971, men vart kansellert av ukjende årsaker, sjølv om A-sida av albumet kom ut som bonusspor på 1999-utgåva av John Barleycorn Must Die.

Då det var tid for den neste turneen deira, hadde Traffic utvida bandet med Dave Mason, Jim Gordon og Reebop Kwaku Baah. Bandet spelte berre seks konsertar der to av dei, - opningskonserten i Fairfield Hall i Croydon og ein konsert i London til støtte for magasinet Oz – vart spelte inn og miksa for Welcome to the Canteen. Mason ønskte å ta denne utgåva av Traffic til USA, men Winwood ønskte berre å gjere desse seks konsertane. Mason sa «Det var bandet til Stevie, så det var opp til han.»[4]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
Christgau's Record GuideB–[1]

Rolling Stone meinte at dei fleste av songane på albumet var «nesten identiske» til studioinnspelingane, men og at dei sterke framføringane til musikarane vog opp for dette. Dei var derimot positive til dei to siste spora på albumet, «Dear Mr. Fantasy» og «Gimme Some Lovin'».[6] AllMusic' si seinare melding var langt meir entusiastisk og sa at albumet «synte kor bra eit album som følgje av ei kontraktsforplikting kan vere... spelinga er eksemplrisk, og setlista var ei glimrande blanding av gamle Traffic-songar og nyare Mason-favorittar.»[5]

Utgjevingar endre

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i USA i 2001. Det vart gjeve ut på ny i Japan i 2002 og igjen i 2008.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Medicated Goo»Jimmy Miller, Steve Winwood3:34
2.«Sad and Deep as You»Dave Mason3:48
3.«Forty Thousand Headmen»Winwood, Jim Capaldi6:21
4.«Shouldn't Have Took More Than You Gave»Mason5:39
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Dear Mr. Fantasy»Capaldi, Winwood, Chris Wood10:57
6.«Gimme Some Lovin'»Winwood, Muff Winwood, Spencer Davis9:02
Total lengd:39:21

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  2. Traffic in the UK Charts, The Official Charts. Henta 20. juli 2019.
  3. Traffic in the USA Charts, AllMusic. Henta 20. juli 2019.
  4. 4,0 4,1 McDermott, John (2002). «Traffic: Welcome to the Canteen». In Welcome to the Canteen [CD booklet]. Universal-Island Records Ltd.
  5. 5,0 5,1 Welcome to the CanteenAllmusic
  6. Leimbacher, Ed. (28. oktober 1971). Album review, Rolling Stone.