Wolf-motorsaga
Wolf-motorsaga var ei motorsag konstruert av Charled Wolf, som vart set i produksjon i 1920. Soga om denne saga tek til i 1906, då Portland Lumber Co. i Potlatch i Idaho i USA tok i bruk ei primitiv kappsag med kjede på eit sagbruk [1]. Saga var i bruk i fleire år, men Portland Lumber brydde seg ikkje om å patentera, eller produsera saga. Men i 1908 kom ingeniøren Charles Wolf til å sjå saga i drift. Rundt 1910, då Wolf var overingeniør ved Panhandle Lumber Co. i Spirit Lake i Idaho, tilsette han ein elektroingeniør, Frank M. Redman, for å konstruera det som truleg var verdas fyrste elektrisk drivne sagbruk.
Panhandle Lumber var eigd av Blackwell Lumber Co., som òg hadde eit sagbruk i Cour d'Alene ved Lake Core d'Alene. Ved dette sagbruket nytta dei sirkelsager for å kappa tommeret, men desse sagene var tungvinte å nytta på grovt tømmer. Wolf tok difor til å grubla på om det kunne lata seg gjera å forbetra kjedesaga han hadde sett ved Portland Lumber. Wolf og Redman konstruerte ei ny sagkjede, som i 1911 vart montert på ei kappsag. Nokre få av desse kjedene vart så produsert ved Union Iron Works i Spokane i Washington.
Ni år seinare, i 1920 tok Wolf til å produsera ei elektrisk driven motorsag med denne kjeda. Saga vart kalla «Wolf Electric Drive Link Saw», og det vart produsert tre modellar: A med sverdlengd 60 cm og masse 31.7 kg, B med sverdlegd 91 cm og masse 36 kg, og C med sverdlengd 122 cm og masse 40,8 kg. Alle tre modellane vart drivna av ein elektromotor med ei effekt på 1,2 kW. Tennerne på desse kjeda var høveltenner, av same type som på stokksager, og fungerte like godt begge vegar[2]. Når kjeda tok til å verta skjemt kunne ho difor snuast, slik at filinga kunne utsettast til seinare[1].
Wolf hadde ikkje midlar til å bygga sin eigen fabrikk, så han sette bort produksjonen til verktøyprodusenten Reed-Prentice. Saga var kostbar og kundane var for det meste sagbruk og bygningsindustrien. I 1929 vart ei av sagene til Wolf nytta ved eit militært skipsverft i Boston, for mellom anna å setta i stand fregatten «Constitution»[3]. Det vart òg seld nokre få sager til skogbruket rundt 1930.
I 1927 starta produksjonen av ei preumatisk driva sag, og i 1931 tok produksjonen av bensindrivne sager til. Det vart nytta ein 2-sylindra luftkjølt motor, med ei effekt på 4 hk. Saga hadd ein masse på 36 kg. Men den bensindrevne saga var ikkje like driftsikker som dei elektriske og pneumatisk drivne modellane. I 1936 tok Stihl til å selga bensindrivne motorsager i Nord-Amerika, og desse var mykje meir driftsikre, så dei bensindrivne sagene til Wolf vart ikkje nokon suksess[1].
Då USA kom med i 2. verdskrig laut Reed-Prentice produsera krigsmateriale, så dei hadde ikkje kapasitet til å halda fram med produksjonen av Wolf-sagene. Då krigen var over dukka det opp fleire nye konkurentar, som i stort mon hadde kopiert sagene til Stihl. Etter 1942 vart det difor ikkje produsert fleire Wolf-sager.