Stihl er eit internasjonalt føretak, med hovudkontor i Waiblingen i delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Føretaket vart stifta av Andreas Stihl i 1926 og er i dag verdas største produsent av motorsager. Dei produserer òg ryddesager, grastrimmarar og ei lang rekkje andre typar hagereiskapar. Stihl har 14.297 tilsette i heile verda[1]. I 2014 var omsetninga på 2,98 millionar Euro[1]. Storparten - 89,4% - av omsetninga kjem frå utlandet.

Stihl


Org.formAksjeselskap
BransjeMaskinteknikk
Skipa1926
EigarStihl Holding AG & Co. KG
HovudkontorWaiblingen
LandTyskland
Grunnleggjar(ar)Andreas Stihl
Nettstadwww.stihl.de
Stihl MS 170.

Soge endre

Byrjinga og mellomkrigstida endre

 
Stihl tomannssag, frå 1940.

I 1926 stifta Andreas Stihl A. Stihl Ingenieursbüro Bad Cannstatt. I byrjinga produserte føretaket dampkjelar og bensindrivne vaskemaskinar. Dei hadde òg agenturet for Rinco motorsager[2]. Stihl utvikla så ei elektrisk motorsag, som kom på marknaden i 1926, Det var ei tomannssag, med ein masse på 48 kg og ein effekt på 2,2 kW. I 1929 kom den fyrste bensindriven motorsaga til Stihl. Ho hadde ein effekt på 6 hk (4,4 kW) og ein masse på 46 kg. I 1930 starta produksjonen av ei mindre elektrisk motorsag, på 25 kg. Denne saga kunne nyttast av ein eller to mann. Stihl tok ut mange patentar. I 1933 patenterte dei ei sagkjede dei hadde utvikla og i 1934 fekk dei patent på automatisk kjedesmørjing. I 1935 produserte Stihl eit bogesverd og i 1936 vart det sett i gang produksjon av ei bensindriven bogesverdsag. Same året fekk føretaket patent på sentrifugalkoplinga. Alle patenta til Stihl gav dei ein føremon på marknaden. I 1947 tok produksjonen av ei trykkluftdriven sag til. I 1928 vart det bygd ein ny fabrikk i Rems. I 1938 kom tomannssaga BDKH på marknaden. Denne saga hadde lettmetallsylinder og var på berre på 37 kg. Effekten var på 7 hk (5,2 kW).

2. verdskrig endre

 
Stihl KS 43.

I 1943 kom KS 43, som var ei tomannssag på 36 kg og ein effekt på 8 hk (5,9 kW). Andreas Stihl var nazist og fekk så store ordrar på KS 43 frå Wehrmacht at noko av produksjonen laut settast bort til føretaket PPK i det tyskokkuperte Frankrike. På grunn av at Tyskland var i krig med vestmaktene vart det fritt fram for andre produsentar å nytta patenta til Stihl. I etterkrigstida helt PPK fram med å produsera tomannsmotorsager etter mønster frå Stihl. I Nord-Amerika vart òg sagene til Stihl kopierte i stort mon[3]. Hogstselskapet Blodell, Steward & Welch (BBS) i Britisk Columbia i Canada, som før krigen hadde importert sager til eige bruk frå Stihl og drive service på dei, tok til å produsera liknande sager, med med Williers motorar som dei importerte frå England. BBS var eigentleg ikkje interesserte i å produsera motorsager for andre og i 1944 selde dei denne delen av verksemda, som då vert starten på Burnett[3]. Då krigen slutta, var fabrikkane til Stihl øydelagde på grunn av bombing, og alt laut byggast opp att.

Etterkrigstida endre

 
Stihl Contra.

Mot slutten av 1940-talet vart det klart at tida for tomannssagene snart var forbi, og Stihl tok til å produsera bensindrivne einmannssager. Den fyrste modellen, BL, var på 16 kg og kom i 1950. Neste modell, BLK kom i 1954. Seinare kom dei forbetra modellane BLK 58 og BLK 59. I 1959 fylgde Contra, og i 1963 kom dei mindre modellane 07 og 08, som hadde høgrehandshandtaket på toppen av saga i staden for bak.

I perioden 1949 til 1963 produserte Stihl traktorar. Dei har òg produsert små luftkjølte dieselmotorar, boreaggregat, etc.

I dag er Stihl verdas største produsent av motorsager, og produserer mange forskjellige modellar.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Daten & Fakten', Stihl.de.
  2. Geschichte Arkivert 2015-07-05 ved Wayback Machine., Stihl.de.
  3. 3,0 3,1 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.