Johannes Steen si første regjering

(Omdirigert frå Regjeringa Steen I)

Johannes Steen si første regjering var ei Venstreregjering som tiltredde 6. mars 1891. Regjeringa tok over etter Emil Stang si første regjering.

Regjeringa søkte først om avskjed 29. juni 1892, men fortsette etter samrøystes oppmoding frå Stortinget. Regjeringa søkte på ny om avskjed i april 1893, og fråtredde 2. mai 1893. Ho vart etterfylgd av Emil Stang si andre regjering.

Statsrådpost Statsråd Periode Parti
Statsminister og sjef for Finansdepartementet Johannes Steen V
Norsk statsminister i Stockholm Otto Blehr V
Justisdepartementet Ole Anton Qvam V
Revisjonsdepartementet Hans Nysom til 28. november 1891 V
Thomas von Westen Engelhart frå 28. november 1891 til juli 1892 V
Jacob Otto Lange frå juli 1892 V
Indredepartementet Wollert Konow (H) V
Kyrkjedepartementet Vilhelm Andreas Wexelsen til juli 1892 V
Carl Berner frå juli 1892 V
Forsvarsdepartementet Peter Theodor Holst V
Arbeidsdepartementet Hans Nysom V
Statsrådsavdelinga i Stockholm Carl Berner til juli 1892 V
Jacob Otto Lange til juli 1892 V
Vilhelm Andreas Wexelsen frå juli 1892 V
Thomas von Westen Engelhart frå juli 1892 V

Kjelder

endre