Opna hovudmenyen

Hans Hein Theodor Nysom (5. desember 184528. august 1903) var ein norsk offiser, ingeniør, statsråd og stortingsmann for Venstre. Hans Hein Nysom var farfaren hans, Anton Hjorth halvbroren hans.

Hans Nysom
Hans Hein Theodor Nysom OB.SZ03188.jpg
Fødd 5. september 1845
Botne
Død

28. august 1903
Kristiania

Yrke politikar, offiser, ingeniør, embetsmann
Hans Nysom på Commons

Nysom var fødd i Holmestrand, faren hans var skipper. Sjølv tok han eksamen frå krigsskulen i 1866 og den militære høgskulen i 1870. I 1867 vart han sekondløytnant i trondhjemske brigade, året etter i det norske jegerkorps. 1872-76 var han i artilleribrigaden. År 1874 vart han tilsett i kanalvesenet, styrar ved utbygginga av fleire kanalanlegg. Han var sekretær i vassdragskommisjonen 1877-81, studerte elveregulering utanlands, fyrst i Sverige, i 1885 i Sveits og i 1890 i Sør-Tyskland. I 1895 var han formann i den parlamentariske fossefallskommisjonen.

Nysom var formann i Polyteknisk Forening frå 1885 til 1891.

Nysom var statsråd i både i Revisjonsdepartementet og Arbeidsdepartementet i Johannes Steens fyrste regjering frå 6. mars 1891, frå 28. november einast i sistnemnde departement til regjeringa gjekk av 2. mai 1893.[1] Som arbeidsminister stod han for den offisielle opninga av Bandak-Norsjøkanalen i 1892.[2]

I Johannes Steens andre regjering, som vart innsett 17. februar 1898, var Nysom fyrst medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm til mars 1899, deretter statsråd i Arbeidsdepartementet til juni 1900, då han atter var i Stockholm fram til 6. november 1900.[1]

Åra 1895-1900 var Nysom stortingsrepresentant frå valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var medlem av jarnbanekomiteen 1895-97, valkomiteen 1896-98 og i 1898 av Lagtinget til han vart statsråd.

Etter han gjekk av som statsråd var Nysom konstituert generaldirektør i NSB, frå 1902 medlem av styret i Hovudjarnbanen.

Han vart i 1892 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1899. Han mottok også den svenske Nordstjerneordenen.

Nysom døydde i Kristiania i 1903.

VerkEndra

  • Fra Finmarken, 1877
  • Reductionstabeller for Hvermand: til praktisk Brug ordnede for Omsætning frå gammelt til nyt Maal og Vægt, Cammermeyer, Kristiania, 1879
  • Haandbog i norsk flødningsvæsen (med Axel Borchrevink og Gunnar Sætren), H. Aschehoug & Co., Kristiania, 1889-94

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

NotarEndra