Fuglekongar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Regulidae)
Fuglekongar
Fuglekonge Regulus regulus Foto: Cj Hughson
Fuglekonge Regulus regulus
Foto: Cj Hughson
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Regulidae
Slekt: Fuglekongar Regulus
Cuvier, 1800

Fuglekongar er ei lita gruppe av fuglar i ei biologisk slekt Regulus som òg har status som ein familie Regulidae. Det vitskaplege namnet Regulidae er avleidd av det latinske ordet 'regulus' for 'liten konge' eller 'prins', og kjem frå den farga krona på vaksne fuglar. Denne familien har representantar i Nord-Amerika og Eurasia. Det er seks[1] artar av fuglekongar der arten fuglekonge er einaste med utbreiing i Noreg.

Namnet endre

Det latinske namnet Regulus er forbunde med ein fabel som fortel om valet av «kongen av alle fuglar». Fuglen som kunne flyge den lengste distansen ville bli ropt ut til konge. Ørna konkurrerte ut alle andre fuglar, men vart likevel slått av ein liten fugl som hadde gøymt seg i fjørdrakta hennar. Denne legenda er allereie kjent frå Aristoteles (Hist. Animalium 9,11) og Plinius (Naturalis hist. 10,74). På grunn av legenda sin referanse til «den minste av alle fuglar vart konge», har tittelen òg vore overført til gjerdesmett på nokre språk.[2]

Skildring endre

Fuglekongar varierer i storleik frå 9 til 11 cm, og er blant dei minste innanfor ordenen sporvefuglar, og faktisk av alle fuglar. Dei har mellomstore venger og stjert, og stjerten er rissa på tuppen. Nebbet er lite og nålforma. Fjørdrakta er generelt grågrøn. Dei fleste har ein augering eller ei stripe på supercilium, sjølv om den litt atypiske rubinfuglekonge manglar denne. Hannane ber ein fargerik kroneflekk.

Generelt er fuglekongar er tilpassa liv i barskog, sjølv om dei har ei viss tilpassingsevne. Dei fleste artane vil bruke andre naturtypar, særleg under trekket. Dei har distribusjon frå nordlege boreale skogar, òg strekkjer seg så langt sør som til subtropiske strøk på somme stader. Ei rekkje isolerte bestandar har utvikla seg til ulike artar og underarter.

Den vesle storleiken og rask metabolisme hos fuglekongar tyder at dei må kontinuerleg tilgang på føde for å dekkje trongen til energi. Dei vil halde fram med å ete sjølv etter dei har starta reirbygging. Fuglekongar er insektetarar, fortrinnsvis tar dei insekt som bladlus og spretthalar med mjukt skal. Bytte blir generelt sanka frå greiner og blad av tre, men i einskilde tilfelle kan byttedyr takast i lufta eller frå nedfallsblad på bakken.

Reiret er lite, mykje pent koppforma, nesten sfærisk, bygd av mose og lav blir heldt saman av edderkoppnett og hengd frå ein kvist nær enden av ei høg grein av eit nåletre. Det er fôra med hår og fjører, og nokre fjører er plassert over opninga. Desse eigenskapane gjev egg og ungar god isolasjon mot kulde. Hoa legg 7-12 egg, som er kvit eller bleikt gulbrunt, nokre har fine mørke brune flekker. Fordi reiret er lite, blir egga stabla i lag. Hofuglen rugar, ho pressar beina ned blant egga, dei er godt utstyrt med blodårer, og dermed varme. Egga blir klekt etter 15 til 17 dagar. Etter at ein unge har fått sin matbit, vil han kome seg ned til varmen i botnen av reiret og skyv sine enno svoltne sysken opp for å bli mata i deira tur. Ungane held seg i reiret i 19 til 24 dagar.

Artar endre

Fuglekongar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 6. januar 2019 
  2. Suolahti, Viktor Hugo, Die deutschen Vogelnamen : eine wortgeschichtliche Untersuchung, Strassbourg (1909), 80-85.
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre