Rehaniya
Rehaniya (adygisk Рихьаные; arabisk الريحانية; רִיחָנִיָּה) er ein hovudsakleg tsjerkessisk landsby kring 8 km nord for Safed nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Rehaniya | |||
רִיחָאנִיָּה, الريحانية, adygeisk Рихьаные | |||
landsby | |||
Namneopphav: Myrt | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 33°2′54.12″N 35°29′15.36″E / 33.0483667°N 35.4876000°E | ||
Folketal | 1 123 (2011) | ||
Grunnlagd | 1878 | ||
Rehaniya 33°02′54″N 35°29′15″E / 33.048366666667°N 35.4876°E | |||
Kart som viser Rehaniya.
| |||
Wikimedia Commons: Rehaniya |
Historie
endreTsjerkessarane kom til Midtausten etter at dei vart drivne bort frå heimlandet sitt i Nord-Kaukasus. Tsjerkessarane vart massakrerte og drivne ut av Tsar-Russland frå Kaukasus. Det osmanske riket tok i mot dei og busette dei i tynt folkesette området, inkludert Galilea i Beirut vilajet (Osmansk Syria).
Området dei slo seg ned i vart kalla Burak Alma.[1]
Landsbyen Rehaniya vart grunnlagd i 1873, men først i 1878 kom tsjerkessiske familiar frå Abazah-stamme nord i Kaukasus, eit område som i dag ligg i Adygia og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland.
I folketeljinga i 1922 hadde Rihania 211 innbyggjarar, alle muslimar,[2] og i 1931 var talet auka til 222, framleis alle muslimar, fordelt på 53 hus.[3] I 1945 var folketalet 290.[4] Alle innbyggjarane var då muslimar.[5]
Landsbyen vart bygd i tradisjonell tsjerkessisk stil, som har røter i Kaukasus. Husa er bygd inntil kvarandre og dannar ein slags vernande mur kring byen. Det står ein moské i landsbyen, som skil seg mykje frå arabiske moskear.
I 1948, under Operasjon Hiram (29.-31. oktober), overgav landsbybuarane seg til den framrykkande israelske hæren og fekk lov å bli verande i landsbyen. I november 1949 var det planar om å kaste ut innbyggjarar, i tillegg til fem andre landsbyar langs grensa til Libanon. Forslaget hadde sterk støtte i Det israelske forsvaret, men vart avvist av Utanriksdepartementet, som var redd for korleis det internasjoanle samfunnet kom til å reagere.[6] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Rehaniya er ein av to hovudsakleg tsjerkessiske landsbyar i Israel. Den andre er Kfar Kama, som fekk status som lokal kommune i 1950.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 70
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Safad, s. 41
- ↑ Mills, 1932, s. 109
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, s. 71
- ↑ United Nations Conciliation Commission for Palestine, Village Statistics, April 1945, s. 5
- ↑ Morris, 1987, s.226 242,251.
- Denne artikkelen bygger på «Rehaniya» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922 (PDF). Government of Palestine.
- Hadawi, Sami (1970). «Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine». Palestine Liberation Organization Research Center.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Morris, Benny (1987). The Birth of the palestinske refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
Bakgrunnsstoff
endre- Velkomen til Rihaniya
- Tsjerkessarar i Israel Arkivert 2013-04-16 ved Wayback Machine.