Reidar Sandal
Reidar Sandal (fødd 24. mars 1949 i Vågsøy i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarparti stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1995-1997.
Reidar Sandal | |||
Sandal på sentralbanksjefen sin årstale i 2016 Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 24. mars 1949 (75 år) Vågsøy | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Reidar Sandal var første vararepresentant til Stortinget frå 1989 til 2001, og møtte fast i Kjell Opseth si statsrådtid, frå 3. november 1990 til 22. desember 1995, då han sjølv blei statsråd, kyrkje-, utdannings- og forskingsminister fram til 17. oktober 1997.
Han blei deretter vald inn på Stortinget i 2001 og sat i to periodar fram til 2009, då han ikkje tok attval. Frå desember 2006 og ut stortingsperioden var Sandal leiar for finanskomiteen.
Sandal tok til som leiar av Noregs Bank sin representantskap i januar 2010. Frå 2010 til 2014 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Han vart på ny vald til dette vervet i 2022. Frå 2010 til 2014 leia han styret for Innovasjon Norge.
Medlemskap i regjering
endre- Statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 22. desember 1995–25. oktober 1996 (Regjeringa Brundtland III)
- Statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 25. oktober 1996–17. oktober 1997 (Regjeringa Jagland)
Stortinget
endreMedlemskap i presidentskapen
endre- Reidar Sandal var første varapresident i Stortinget i perioden 11. oktober 1993–22. desember 1995.
Stortingskomitear
endre- 1989–93: medlem av finanskomiteen frå 15. september 1992
- 1989–93: medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 8. november 1990 til 15. september 1992
- 1993–97: medlem av finanskomiteen og valkomiteen til 22. desember 1995
- 2001–05: medlem av kommunalkomiteen
- 2001–05: medlem av valkomiteen
- 2005–09: medlem av finanskomiteen, leiar frå 5. desember 2006
- 2001–09: medlem av valkomiteen