Opna hovudmenyen

Nordland reinbeiteområde er ein del av reindriftsforvaltningen i Noreg. Reinbeiteområdet følgjer litt andre grenser enn Nordland fylke. Kommunane nord for Ballangen og Narvik ligg i Troms reinbeiteområde, til gjengjeld går området litt inn i Nord-Trøndelag. Reinbeiteområde er leia av eit områdestyre med medlemmer oppnemnde av Fylkestinget og Sametinget.

Bortsett frå Lofoten og Andøya og nokre øyar på Helgelandskysten er heile Nordland fylke reinbeiteområde.

Totalt dekker Nordland reinbeiteområde 34 kommunar fordelt på 12 reinbeitedistrikt. Fire av reinbeitedistrikta i Nordland har tilgang på vinterbeite (konvensjonsbeite) i Sverige. Til gjengjeld blir ni område i Nordland brukt til sommarbeite for svensk rein.

Dei fleste reinbeitedistrikta flyttar reinen vestover til kysten, ofte ved hjelp av bil og ferje. Distrikta som ikkje har tilgang på kystbeite flyttar reinen innover i landet mot svenskegrensa. De to nordlegaste reinbeitedistrikta har ein meir stasjonær driftsform med korte flyttingar mellom årstidsbeita.

Nordland reinbeiteområde grensar til Troms reinbeiteområde og Nord-Trøndelag reinbeiteområde.

BakgrunnsstoffEndra