Release Me av Hooverphonic
«Release Me» Song av Hooverphonic | ||
Land | Belgia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 17. februar 2020 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | Universal Music | |
Låtskrivar(ar) | Alex Callier, Luca Chiaravalli |
---|
«Release Me» ('slepp meg fri') er ein popballade som vert framført av det belgiske bandet Hooverphonic. Songen vart utgjeven 17. februar 2020 og skulle ha vore det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Eurovision Song Contest
endre«Release Me» skulle ha vore det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 etter at den flamske kringkastaren VRT internt valde bandet Hooverphonic til å representere landet i tevlinga. Songen skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[3] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[4] Hooverphonic representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2021, med songen «The Wrong Place».[2]
Listeplasseringar
endreListe (2020) | Høgaste
plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop Flandern)[5] | 21 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[5] | 11 |
Utgjevingshistorikk
endreRegion | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 17. februar 2020 | Digital nedlasting, strøyming | Universal Music Belgium | [6] |
Kjelder
endre- ↑ «Belgium: Hooverphonic debut Eurovision 2020 entry "Release Me"» (på engelsk). 17. februar 2020. Henta 19. februar 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «Hooverphonic - Release Me». Henta 29. februar 2020.
- ↑ «Release Me - Single by Hooverphonic on Apple Music». Apple Music. Henta 17. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Release Me (Hooverphonic-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2021.