Remember (Walking in the Sand)

Remember (Walking in the Sand)
Singel av The Shangri-Las
frå albumet Leader of the Pack
B-side

It's Easier to Cry

Utgjeve August 1964[1]
Innspelt Juli 1964[2]
Studio Mira Sound i New York City[2]
Sjanger pop
Lengd 2:17
Selskap Red Bird
Låtskrivar(ar) George Morton
Produsent Artie Ripp, Jeff Barry
The Shangri-Las-kronologi 
«Wishing Well»
(1964)
Remember (Walking in the Sand) «Leader of the Pack»
(1964)


«Remember (Walking in the Sand)», òg kjend som berre «Remember», er ein song skriven av George «Shadow» Morton. Han vart opphavleg spelt inn av jentegruppa The Shangri-Las, som fekk ein topp 5-hit med songen i 1964. Ein ny versjon spelt inn av Aerosmith i 1979 vart òg ein mindre hit. Det har òg blitt spelt inn mange andre versjonar av songen.

The Shangri-Las-versjonen

endre

Bakgrunn

endre

Morton ønskte å slå gjennom i musikkbransjen, og drog til Brill Building i New York City for å treffa ein gammal kjærast, Ellie Greenwich, som hadde vorte ein suksessfull poplåtskrivar. Skrivepartnaren til Morton og Greenwich, Jeff Barry, mislikte kvarandre. På spørsmål om kva han levde av, svarte Morton «Eg skriv songar», sjølv om han aldri hadde skrive ein. Då Barry spurde han kva slags, svarte Morton: «Hitlåtar!». Barry sa at han gjerne ville høyra ein av Morton sine låtar, og inviterte han til å komma tilbake veka etter med noko.

Morton hyra ei tenåringsgruppe frå Queens, The Shangri-Las, til å syngja. Då han innsåg at han ikkje hadde ein song enno, skreiv han umiddelbart «Remember (Walking in the Sand)». Det er fleire historier om korleis han vart skrive. Den eine er at han umiddelbart etter at han innsåg at han ikkje hadde ein song, parkerte ved ei strand på Long Island og der skreiv songen. Songen inneheld tilbakevendande måse- og surfeffektar.[3] Han brukte Shangri-Las på demoen, som han sjølv produserte. (Ein enno ikkje kjend Billy Joel skal ifølgje Morton ha spelt pianoakkordane som opnar songen). Jeff Barry vart imponert og Red Bird Records plukka opp songen for utgiving og skreiv kontrakt med Morton og Shangri-Las. Ifølgje nokre meldingar var originalversjonen nesten sju minutt lang. For å passa til AM-radioformatet på den tida måtte songen kuttast i lengda, men i staden for å redigera songen, tona Morton han ganske enkelt ut etter 2:10. I ein annan versjon presenterer Morton demoen for ulike Red Bird-medarbeidarar, Jeff Barry, Ellie Greenwich, Artie Butler[4] og andre, og dei og nokon studiomusikarar tok demoen inn i studio der han vart «ei heilt anna plate.»[5]

Mottaking

endre

Sangen vart gitt ut som tredje singelen til The Shangri-Las, deira første på Red Bird Records, og vart nummer fem på Billboard Hot 100,[6] og nummer ni på Cashbox si R&B-liste.[7] Han nådde òg nummer fjorten på UK Singles Chart, og fekk større suksess i Storbritannia då han vart gitt ut på nytt ved fleire høve på 1970-talet.

Cash Box skildra songen som «ein heimsøkjande klagande pop-r&b-romantikar med ein off-beat raskt skiftande, hard-svingande rytme.»[8]

The Shangri-Las si innspeling vart plassert på 395. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004. Billboard kåra songen til 26. plassen på lista si over dei 100 beste jentegruppe-songane gjennom tidene.[9]

Tidleg på 1970-talet gav Buddah Records ut ein «Radio Active Gold» versjon som inneheldt ein udubba versjon av demoen (utan ekko eller lydeffektar). Denne versjonen er 2:17 lang og introen er «Remember...»-refrenget utan solovokalen til Mary Weiss. Denne versjonen (den tekniske termen for det er ein underdub) dukka først opp på eit Buddah samlealbum frå 1969 med tittelen Incense and Oldies, saman med ein alternativ versjon av «Give Him a Great Big Kiss».

Medverkande

endre

I følgje musikkforskaren Albin J. Zak:[2]

The Shangri-Las

  • Mary Weiss – solovokal
  • Marge Ganser – korvokal
  • Mary Ann Ganser – korvokal
  • Betty Weiss – korvokal

Andre medverkande og produksjon

  • Uidentifiserte studiomusikarar – bassgitar, trommer, piano
  • Unidentified – fingerknipsing, klapping, lydeffektar
  • Brooks Arthur – lydteknikar
  • Jeff Barry – produsent
  • Shadow Morton – produsent (ikkje oppført)
  • Artie Ripp – produsent

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1964) Plassering
Canada RPM Top Singles[10] 2
New Zealand (Lever Hit Parade)[11] 4
UK Singles (OCC)[12] 14
U.S. Billboard Hot 100[13] 5
U.S. Cash Box R&B 9
U.S. Cash Box Top 100[14] 5
U.S. Record World 4

Årslister

endre
Liste (1964) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[15] 53
U.S. Cash Box [16] 67

Aerosmith-versjonen

endre
Remember (Walking in the Sand)
Singel av Aerosmith
frå albumet Night in the Ruts
B-side

Bone to Bone

Utgjeve 11. desember 1979
Innspelt 1979
Sjanger Bluesrock, hardrock
Lengd 4:04
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) George Morton
Produsent Aerosmith, Gary Lyons
Aerosmith-kronologi 
«Chip Away the Stone»
(1978)
Remember (Walking in the Sand) «Bitch's Brew»
(1982)


Bakgrunn

endre

Aerosmith gav ut ein meir rock-orientert versjon av songen med ukreditert korvokal av Mary Weiss frå Shangri-Las som singel i 1979. Gitt ut på Columbia Records var den henta frå det sjette studioalbumet deira, Night in the Ruts og vart òg inkludert på albumet Greatest Hits. Aerosmith-versjonen vart produsert i lag med Gary Lyons. Han vart lista på Billboard Hot 100 som nummer 67. Han nådde òg 29. plassen på den kanadiske singellista magasinet RPM i mars 1980.[17].

Louise Goffin-versjonen

endre

I 1979 gav Louise Goffin ut ei nyinnspeling av songen på debutalbumet sitt, Kid Blue. Denne versjonen nådde 43. plass på Billboard Hot 100.[18]

I populærkulturen

endre

I 2005 sampla den amerikanske rapparen Capone songen og justerte han opp fem halvtonar for «Streets Favorite» (ofte feilaktig merket med songtittelen «Oh No»), eit spor frå albume thans Pain, Time, & Glory frå 2005. I 2020 vart ein instrumental av «Streets Favorite» ein Internett-memeTikTok, som vanlegvis blir spelt når ei ulykke blir vist.[19][20] Capone-samplinga vart popularisert i BBC-serien Don't Mess!, og dukka deretter opp i fleire marknadsføringskampanjar for showet mellom 2010 og 2015.

Amy Winehouse spelte ein del av refrenget då ho song «Back to Black» under konsertar.[21]

Kjelder

endre
  1. Selvin 2014, chap. 14.
  2. 2,0 2,1 2,2 Zak 2022, s. 126.
  3. Williams, R. (2003), Phil Spector: Out of His Head, Music Sâles Group, ISBN 978-0-711-99864-3, s.125
  4. Artie Butler-referanse i: Visconti, Tony. The Autobiography: Bowie, Bolan and the Brooklyn Boy. New York: HarperCollins, 2007. ISBN 978-0-00-722944-4 pp31.
  5. Emerson, Ken, Always Magic In the Air: The Bomp and Brilliance of the Brill Building Era, Viking Press, Penguin Group, NY, 2005 s. 226
  6. «Billboard Hot 100 Charts - The Sixties/The Seventies», Record Research Inc, 1990
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 520. 
  8. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box: 12. 8. august 1964. Henta 12. januar 2022. 
  9. «100 Greatest Girl Group Songs of All Time: Critics' Picks». Billboard. Henta 11. juli 2017. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 28. september 1964. Henta 1. januar 2022. 
  11. «flavour of new zealand - search lever». www.flavourofnz.co.nz. 
  12. «Official Charts Company». Officialcharts.com. 14. oktober 1964. Henta 1. januar 2022. 
  13. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990 - ISBN 0-89820-089-X
  14. «Cash Box Top 100 10/10/64». cashboxmagazine.com. 
  15. «Top 100 Hits of 1964/Top 100 Songs of 1964 | Music Outfitters». www.musicoutfitters.com. 
  16. «Cash Box YE Pop Singles - 1964». tropicalglen.com. 
  17. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 13. mai 2023. 
  18. «Louise Goffin Chart History (Hot 100)». Billboard. Henta 13. mai 2023. 
  19. «Slik lager du 'Oh No' TikTok-videoene du ser over hele for deg-siden». The Lab (på norsk). 10. november 2020. Henta 26. november 2020. 
  20. «The True Roots Of The TikTok "Oh No" Song». New York's Power 105.1 FM. 
  21. «How Amy Winehouse made 'To Know Him is to Love Him' her own». the Guardian. 29. august 2014.