Rettskjeldefaktor

(Omdirigert frå Rettskjelde)

Rettskjeldefaktorar eller rettskjelder er tilhøve brukt som argument for å løysa rettslege problemstillingar og avgjera kva ein rettsregel går ut på. Rettskjeldeprinsippa fastset korleis rettskjeldefaktorane skal nyttast og vektleggjast.

Etter at Torstein Eckhoff først innførte ei slik kategorisering av rettskjeldefaktorane, er det i norsk rett vanleg å dela dei inn i om lag sju grupper:

  1. Lovtekstar fastsatt av Stortinget, eller i forskrifter gjeve av eit departement med heimel i lov.
  2. Lovforarbeid og etterfølgjande uttalingar som har ein viss autoritet (motiv).
  3. Rettspraksis, særleg fra Høgsteretten.
  4. Praksis hjå andre styresmakter.
  5. Privat praksis (for eksempel kontraktspraksis i forhold mellom entreprenør og byggherre).
  6. Juridisk teori i bøker, artiklar og liknande juridisk faglitteratur.
  7. Reelle omsyn (særeig om tolkinga fører til eit godt resultat for partar, samfunnet, andre rettsreglar og anna).

Lista er ikkje uttømmande, og rekkjefølgja er ikkje bestemmande for vekta til kvar av faktorane. Internasjonale rettskjelder som folkerett og EU-/EØS-rett kan også vera faktorar.

Kjelder endre

  • Eckhoff, Torstein. Rettskildelære (5. utgåve 2001).
  • Falkanger, Thor. «Rettskilder» (14. februar 2009), Store norske leksikon.