Noregs Høgsterett

(Omdirigert frå Høgsteretten i Noreg)

Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.

Inngangen til Høgsterett.
Høgsteretts segl frå 1815

Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 vart talet auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.

Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1] Noverande høgsterettsjustitiarius er Toril Marie Øie.

MedlemmerEndra

HøgsterettsjustitiariusEndra

DommararEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  1. «Kongeriket Noregs grunnlov - Lovdata», lovdata.no, henta 17. januar 2021