Rettvengjer

Rettvengjer
Leptophyes punctatissima
Leptophyes punctatissima
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Polyneoptera
Orden: Rettvengjer Orthoptera
Olivier, 1789

Rettvengjer (Orthoptera) er ein orden hemimetabole flygande insekt. Til gruppa høyrer mellom anna grashopper, sirissar og vortebitarar.

Det er beskrive 13 000 artar rettvengjer på verdsbasis. Dei er særs vanlege insekt bortsett frå i kalde strok, i Noreg er det berre registrert 28 artar.

KjenneteiknEndra

Rettvengjer vert kjenneteikna av uvanleg stort protonum, det vil seie ryggskjelettplata på det første mellomkroppssegmentet. Forvengjene har ei læraktig, fortjukka region som ofte vert nytta til kurtise eller kamuflasje, medan bakvengjene er membranøse og vifteliknande. Ofte har rettvengjene store bakbein dei nyttar til å hoppa. Dei høyrer særs godt, og har trommehinner på frambeina og bakkroppen.

Fleire av dei største insekta me kjenner til høyrer til rettvengjene. Store grashopper kan bli opp mot 12 cm lange med eit dobbelt så stort vengjespenn.

LevesettEndra

Dei fleste rettvengjene er planteetarar eller altetarar, men det finst òg reine predatorar. Mange av artane praktiserer ein kurtise kor dei «spelar» - hannen lagar høge lydar for å trekka til seg hoa. Dette skjer anten ved at han gnir framvengjene mot kvarandre eller gjennom at han gnir bakbeinet mot bakkroppen. Somme artar kan produsera til dels særs høg lyd på denne måten. Det er derimot ingen artar som gnir bakbeina mot kvarandre, som mange trur.

I kulturenEndra

Rettvengjene er dei einaste insekta som er lov å eta (kosher) i jødedommen.

KjelderEndra