Sirissar

(Omdirigert frå Siriss)
Sirissar
Sirissen Sonotrella bicolor
Sirissen Sonotrella bicolor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Lauvgrashopper og sirissar Ensifera
Overfamilie: Grylloidea
Familie: Sirissar Gryllidae
Laicharting, 1781

Sirissar (Gryllidae) er ein insektfamilie i ordenen rettvenger.

Dei fleste artane finst i tropiske område. Dei er utbreidde i heile verda, men manglar på dei meir kjølige stadene. Ein art, hus-siriss (Acheta domestica), opptrer tilfeldig i Noreg.

Skildring endre

 
Hovudet til ein siriss
 
Siriss-nymfe
 
Hus-sirissen (Acheta domestica) kan opptre innandørs i Noreg

Kroppen er mellom 5 og 50 millimeter, og varierer mellom brunleg, brun-svart og mørk-grå på farge. Bakbeina er både større og kraftigare enn dei andre beina. Særleg låra er kraftige. Leggane har piggar eller tornar. Sirissar har to korte, men kjenslevare haletrådar (cerci). Antennene er trådforma, lange og rekk heilt bak på kroppen eller lengre.

Nokre artar manglar venger, men der dei finst kan dei vera godt utvikla og rekk heilt bak på bakkroppen. Framvengene er fortjukka og blir folda slik at dei omsluttar kroppen, både på sida og ryggen.

Nymfene er normalt ganske like dei vaksne, men mindre.

Levevis endre

Sirissar lever av plantar og røter. Nokre av dei er rovdyr som også et andre mindre dyr.

Hannar kan frambringa lyd eller song ved å gni framvengene mot kvarandre. Nokre ribbar ved basis av vengene lagar lyden.

Paringa føregår i vegetasjonen. Hoa har ein kort eller litt lang og kraftig eggleggingsbrodd. Dei legg eggae i fuktig jord, einskildvis eller i grupper. Nokre artar lever i tre og legg egg i plantevev.

Sirissar går gjennom ufullstendig forvandling, det vil seia at overgangen frå nyklekt larve til det vaksne kjønnsmogne insektet går gradvis gjennom fleire nymfestadium. Utviklingstida frå egg, via nymfestadia til det vaksne stadiet kan vera nokre veker under gunstige forhold. Temperatur og talet på hamskift er avgjerande. Nokre har opptil 12 nymfestadium og skiftar ham mellom kvart av desse. Vekst skjer ved eit hamskifte. Sirissar manglar til liks med andre leddyr eit indre skjelett.

Sirissar i kulturen endre

Som mat endre

 
Sirissar som matvare.

Fleire stader er sirissar del av kosthaldet til menneske og blir rekna som god mat. Sirissar er ofte å sjå på marknadsplassar, kanskje særleg i Asia. Det er vanleg å frityrsteika dei til snøggmat.

Som husdyr og kampdyr endre

Sirissar er blitt haldne som kjæledyr i Kina og Europa. I fleire tusenår har det blitt halde sirisskampar i provinsen Shandong i Kina. Særleg fylket Ningyang er knytt til denne dyresporten.

I litteratur endre

Den talande grashoppa eller sirissen er eit insekt som opptrer i Carlo Collodi si bok om Pinocchio frå 1883, og i filmar som byggjer på denne soga. Sirissen har ei viktig rolle i The Cricket on the Hearth av Charles Dickens frå 1845 og The Cricket in Times Square av George Selden frå 1960. Sirissar blir også omtalte i dikt av Du Fu, John Keats og William Wordsworth.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sirissar