Richard Herrmann (fødd 11. september 1919 i Larvik, død 15. juni 2010) var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han voks opp på Torstrand i Larvik, men var dei siste åra av livet sitt busett på Skøyen i Oslo.

Richard Herrmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1919
Larvik
Død

14. juni 2010 (90 år)
Oslo

Yrke journalist, skribent

Herrmann var tilsett i den europeiske avdelinga til Reuters i London frå 1952 til 1964. Frå 1961 fungerte han som redaktør for den britiske avdelinga til Reuters. Frå 1952 var han frilansmedarbeidar i NRK, før han blei fast London-korrespondent for NRK frå 1964 til 1977. Etter det jobba han i programsekretariatet i radioen fram til 1984, då han fekk særskild ansvar for oppbygginga av NRK P2. Han hadde ei rekke radiokåseri opp i gjennom åra. Herrmann har skrive fleire bøker om historia, samfunns- og dagleglivet til britane.

Bibliografi endre

  • 1967 – Over til London
  • 1968 – Paradisveien
  • 1970 – Bak den svarte døren
  • 1972 – Under Big Ben
  • 1976 – Da ballen ble rund og andre historier om engelsk fotball
  • 1976 – Kvinner for freden
  • 1983 – London: Mine gleders by
  • 1985 – Seks skudd ved sengetid og andre mord
  • 1986 – Livet med Elizabeth og andre kongelige personer
  • 1987 – Victoria: en dronning for sin tid
  • 1988 – Maria Stuart og hennes verden
  • 1990 – Gammel krone for ny tid
  • 1991 – En dikter fra Stratford (berre som lydbok)
  • 1992 – Med skjebnen i hånden: Churchill-slekten i krig og fred
  • 1993 – Fotballen: Den alvorlige leken

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre