Opna hovudmenyen
Ride the Wild Wind
av Queen
frå albumet Innuendo
Utgjeve 1992
Innspelt Metropolis Studios i London, og Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger rock
Lengd 4:41
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Queen (Roger Taylor)
Produsent Queen og David Richards
Queen-kronologi
«Bohemian Rhapsody» / «These Are the Days of Our Lives»
(1991)
Ride the Wild Wind «Delilah»
(1992)


«Ride the Wild Wind» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen vart skriven av Roger Taylor og sungen av Freddie Mercury og vart opphavleg gjeve ut på det fjortande studioalbumet deira Innuendo i 1991. Songen vart gjeve ut på singel i Polen, der han gjekk til topps på salslista.[1]

Songen vart skriven av Taylor, som spelte inn ein demoversjon med sin eigen vokal. Den endelege versjonen vart sungen av Mercury. Songen er ein slags oppfølgjar til Taylor-songen «I'm in Love with My Car» frå A Night at the Opera, som fokuserer på lidenskapen til Taylor for billøp og bilar. Songen minnar mykje om The Smiths-songen «Shakespeare's Sister», og skapte ei kjensle av fart.

ListerEndra

Land (1992) Plassering
Polen (Związek Producentów)[2] 1

MedverkandeEndra

KjelderEndra