These Are the Days of Our Lives

These Are the Days of Our Lives
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
B-side

«Bijou»

Språk engelsk
Utgjeve 5. september 1991 (første gong)

9. desember 1991 (andre gong)

Innspelt Mars 1989 – november 1990 i

Metropolis Studios (London i Storbritannia) Mountain Studios (Montreux i Sveits)

Sjanger Softrock
Lengd 4:13
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Komponist Brian May, Roger Taylor, Freddie Mercury, John Deacon
Tekstforfattar Brian May, Roger Taylor, Freddie Mercury, John Deacon
Låtskrivar(ar) Queen
(Roger Taylor)
Produsent Queen og David Richards
Queen-kronologi 
«I Can't Live with You»
(1991)
These Are the Days of Our Lives «The Show Must Go On»
(1991)


«These Are the Days of Our Lives» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1991 på albumet Innuendo. Sjølv om han er tilskriven heile bandet på plateomslaget, vart han i hovudsak skriven av trommeslagaren Roger Taylor.[1] Klaverinstrumenta vart programmerte av dei fire medlemmane i studio, og congaperkusjonen vart spelt inn av produsenten David Richards.

Songen vart gjeven ut på singel i USA på 45-årsdagen til Freddie Mercury, 5. september 1991, og som ei dobbel A-side i Storbritannia tre månader seinare den 9. desember, etter Mercury døydde, i lag med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk rett inn på toppen av singellista i Storbritannia og låg på toppen i fem veker, mellom anna den prestisjefylte juleveka.[2] Songen fekk ein BRIT Award for «Beste singel» i 1992.[3]

«These Are the Days of Our Lives» minnar om ein Queen-song med liknande tema frå 1975, «Love of My Life». Mot slutten av songen talar Mercury «I still love you», slik han ofte gjorde i konsertversjonane av «Love of My Life».[4]

Konserversjonar endre

Songen vart først spelt live den 20. april 1992 under Freddie Mercury Tribute Concert, sungen av George Michael og Lisa Stansfield.[5] Denne konsertversjonen var med på albumet «Five Live (EP)», i 1993, tilskriven 'George Michael with Queen & Lisa Stansfield'.

Songen vart framført på Queen + Paul Rodgers-turneen i 2005-2006, sungen av Roger Taylor. På scenen vart det synt video av bandet under den første turneen deira i Japan, inkludert mange bilete av dei tidlegare medlemmane Mercury og Deacon.

Songen vart nytta den 1. juli 2007 under Concert for Diana.[6] Det var ein konsert halden på den nye Wembley Stadium i London til minne om Diana, prinsesse av Wales, som døydde ti år tidlegare. Mot slutten av konserten vart det synt ein videomontasje av Diana som barn, medan songen vart spelt i bakgrunnen.[6]

Ein coverversjon av Petula Clark vart gjeven ut på samlealbumet Then & Now i 2008.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen til songen består av dei siste filmklippa med Freddie Mercury, som døydde kort tid etter av AIDS. Det meste av videoen vart filma av Rudi Dolezal og Hannes Rossacher i DoRo Productions den 30. mai 1991.[7]

Freddie Mercury, Roger Taylor og John Deacon var til stades under filminga, og andre klipp av gitaristen Brian May vart filma nokre veker seinare og redigert inn mellom dei andre. Videoen vart filma i svartkvitt for å skjule kor dårleg Mercury var på den tida.[7]

Bandet gav seinare ut fargefilm frå videoen, for å syne kor svak Mercury faktisk var på den tida. I musikkvideoen har Mercury på seg ein vest med bilete av kattar, som var laga for han av ein god ven, og som han likte særs godt. Mercury visste at dette var siste farvel og såg rett inn i kamera på slutten av songen og kviskrar «I still love you».[4][7][8]

Versjonen av den endelege videoen for den amerikanske marknaden inneheldt nokre animerte bilete produsert av animatørane til Walt Disney Studios, som eigde det nordamerikanske plateselskapet som hadde kontrakt med Queen, Hollywood Records, eit dotterselskap til The Walt Disney Company.[9] I Europa vart ein annleis, «rein» versjon av videoen gjeven ut, utan dei animerte klippa. Nok ein videoversjon av songen vart gjeven ut i 1992 for å marknadsføre samlealbumet Classic Queen i USA, som kombinerte gamle klipp av bandet frå 1973 til 1991.[10]

Innhald endre

Første utgåve
Kassett
Nr.TittelLengd
1.«These Are the Days of Our Lives»4:10
2.«Bijou»3:36
Amerikansk promosingel
Nr.TittelLengd
1.«These Are the Days of Our Lives»4:18
2.«These Are the Days of Our Lives» (Edit)3:54
US Contemporary hit-singel
Nr.TittelLengd
1.«These Are the Days of Our Lives»4:10
Andre utgåver
CD, CT, 7"
Nr.TittelLengd
1.«Bohemian Rhapsody»6:00
2.«These Are the Days of Our Lives»4:15

Lister endre

Vekeslister endre

Liste (1991–92) Plassering
Australia (ARIA) 5
Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40) 8
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 40
Frankrike (SNEP) 15
Tyskland (Media Control AG) 16
Irland (IRMA) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
New Zealand (RIANZ) 16
Sveits (Schweizer Hitparade) 8
UK Singles (Official Charts Company)[12] 1

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[13] Platina 600 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Prisar endre

År Seremoni Pris Resultat
1992 Brit Awards Årets singel i Storbritannia Vann

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Innuendo - These Are The Days Of Our Lives UltimateQueen. Henta 26. juli 2016
  2. Bohemian Rhapsody/These Are The Days Of Our Lives Chartstats. Henta 29. juli 2016
  3. The Highs and Lows of the Brit Awards BBC. Henta 29. juli 2016
  4. 4,0 4,1 «Queen's Greatest Videos». 1. 1999. 50 minutt frå start. Channel 4.  (Roger Taylor)
  5. The Freddie Mercury Tribute Concert: These Are the Days of Our Lives Henta 29. juli 2016
  6. 6,0 6,1 Old and new stars celebrate Diana BBC. Henta 29. juli 2016
  7. 7,0 7,1 7,2 Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. s.224. Voyageur Press, 2009
  8. Final Freddie Mercury performance discovered The Independent. Henta 29. juli 2016
  9. DVD Docum - These Are The Days Of Our Lives Queen Collection. Henta 29. juli 2016
  10. Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 29. juli 2016
  11. "Ultratop.be – Queen – These Are the Days of Our Lives" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  12. "Chart Stats – Queen – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  13. «British single salstrofé – These Are the Days of Our Lives». British Phonographic Industry.  Enter These Are the Days of Our Lives in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff endre