Innuendo av Queen

Innuendo
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 4. februar 1991
Innspelt Mars 1989–november 1990
Studio
Sjanger
Lengd 53:44
Selskap
Produsent
Queen-kronologi 
The Miracle
(1989)
Innuendo Made in Heaven
(1995)
Singlar frå Innuendo
  1. «Innuendo»
    Utgjeve: 14. januar 1991
  2. «I'm Going Slightly Mad»
    Utgjeve: 4. mars 1991 (berre i Europa)
  3. «Headlong»
    Utgjeve: 13. mai 1991
  4. «I Can't Live with You»
    Utgjeve: 1991 (berre i USA)
  5. «These Are the Days of Our Lives»
    Utgjeve: 5. september 1991
  6. «The Show Must Go On»
    Utgjeve: 14 Oktober 1991
  7. «Ride the Wild Wind (berre i Polen)»
    Utgjeve: 1992
  8. «Delilah (berre i Thailand)»
    Utgjeve: 14. desember 1992

Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen. Det kom ut i februar 1991 og var det siste studioalbumet som vart gjeve ut medan Freddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Det nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidan The Works i 1984.

Fargelagte litografi av Grandville frå samlinga Un Autre Monde (1844) blei brukt på plateomslaget.

Albumet vart spelt inn mellom mars 1989 og november 1990.[2] Våren 1987 hadde Mercury fått diagnosen AIDS, men heldt sjukdomen skjult for media og nekta for dei mange rapportane om at han var alvorleg sjuk. Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Stilmessig var Innuendo eit slags steg attende til røtene til Queen,[3] med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.[4] Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury av lungebetennelse tilknytt AIDS-sjukdommen. Så langt er det seld kring 5,5 millionar eksemplar av albumet verda over.

Albumet vart designa av Queen og Richard Gray. Heftet og singleomslaga er laga av Grandville, eller er inspirerte av illustrasjonane hans. Innuendo vart kåra til det 94. beste albumet gjennom tidene i ei nasjonal undersøking av BBC i 2006.[5]

Bakgrunn endre

Queen gav ut det trettande albumet sitt, The Miracle, i mai 1989, men i motsetnad til dei førre albuma, la dei ikkje ut på turné etter albumet. Freddie Mercury gjorde eit intervju med BBC Radio 1, der han sa at han ønskte å bryte bort frå «album – turné – album – turné»-rutinen. I denne tida fekk han diagnosen AIDS (etter å ha fått diagnosen HIV-positiv i 1987), men dette vart ikkje publisert, og var berre kjend for bandet og dei nærmaste.[6] Men det gjekk mange rykte frå 1988 og frametter om helsa til Mercury og at han kanskje hadde sjukdommen. Spekulasjonane skaut fart då gjekk ned i vekt og såg sjuk ut.[7] Mercury heldt munn på grunn av den personlege regelen hans om å ikkje snakke med media, og dei andre medlemmane nekta å svare på rykta. Ein gong sa bandmedlemmen Roger Taylor ein journalist at «han er frisk og arbeider».[7] I 1990 vann Queen ein Brit Award for Outstanding Contribution to British Music (eineståande bidrag til britisk musikk).[8] Mercury var med å mottok prisen i Dominion Theatre, men det var Brian May som snakka for bandet. Mercury såg stadig meir mager ut og spekulasjonane om helsa hans auka, og heldt fram gjennom 1990.[7] BRIT Awards i 1990 vart siste offentlege framsyninga til Mercury.[9]

Mercury snakka ikkje offentleg om helsa si, og sa at han ikkje ønskte å utnytte sympatien til folk for å selje musikken sin. Han var fast bestemt på å fortsette og arbeide med musikk med Queen så lenge så han klarte og sa at han ville «fortsetje å arbeide til eg faen meg døyr».[7][10] Mercury vart stadig plaga av journalistar i heimen sin i London, som gjorde det vanskeleg for bandet å spele inn musikk. Bandet flytta derfor til Mountain Studios i Montreux, som var tryggare og meir roleg, slik at bandet kunne konsentrere seg.[6] Tidleg under innspelinga av Innuendo, valde bandet igjen å tilskrive alle songane til heile Queen, i staden for til dei individuelle låtskrivarane. May sa at dette var til stor hjelp på innspelingsprosessen, medan Taylor sa det fjerna mykje av dei egoistiske kranglane som normalt får band til å gå frå kvarandre.[11]

Albumet vart gjeve ut i USA på eit nytt selskap, det Disney-eigde Hollywood Records, i eit forsøk på å få større eksponering der.[12] Etter at Mercury døydde fekk Hollywood òg rettane til katalogen til Queen hos Elektra og Capitol.

Songar endre

 
Innuendo var det siste albumet som songaren Freddie Mercury arbeidde på før han døydde berre ni månader seinare.

Innuendo endre

For meir om dette emnet, sjå songen Innuendo.

«Innuendo» byrja som ein jam i Sveits mellom Brian May, Roger Taylor og John Deacon våren 1989. Freddie Mercury var i etasjen over og høyrde dei spele rytmen og gjorde det om til ein song, skapte melodien og byrja å skrive teksten. Frå då av arbeidde alle fire på å skrive songen ferdig, og Taylor tok over teksten (som var skriven som ei hyllest til Led Zeppelin og songen deira «Kashmir»). Mellomspelet, som var skriven av Mercury, vart seinare lagt til og inneheld eit synth-orkester programmert av produsenten David Richards, medan flamenco-mellomspelet vart spelt av Yes-gitaristen Steve Howe, som hadde kome på besøk og vart spurt om å spele.[13] «Innuendo» vart gjeve ut på singel 14. januar 1991 som den første frå albumet og gjekk rett inn på toppen av lista i Storbritannia.[14] I USA vart «Headlong» vald som den første singelen, men «Innuendo» kom ut der i mars 1991. I USA nådde singelen 17. plassen på Mainstream Rock Tracks-lsita.

I'm Going Slightly Mad endre

For meir om dette emnet, sjå I'm Going Slightly Mad.

«I'm Going Slightly Mad» vart påbyrja heime hos Mercury i London, etter at han fekk ein ide om å skrive ein song om galskap, inspirert av vitsane til Noël Coward. Det meste av teksten (som «banana tree» eller «one needle») kom frå både han og venen Peter Straker, som var oppe heile natta i kjøkenet til Mercury. Musikken er skriven av Mercury og var ein av dei første songane bandet arbeidde på i Montreux då Steve Howe kom og vitja dei.

Songen vart gjeven ut på singel 4. mars 1991 og nådde 22. plassen på den britiske singellista. B-sida var «The Hitman» i mange land, og «Lost Opportunity» i andre land. Songen gjekk til topps på lista i Hong Kong. I videoen til songen er Mercury kledd i eit kostyme med vilt hår, kvite hanskar, lange sko og ekstremt mykje sminke, filma i svart-kvitt. Queen-fansen mora seg over videoen, men i dokumentaren Champions of the World innrømma Taylor at videoen vart skjemd av at utsjånaden til Mercury måtte tildekkast av kostyme og sminke. Taylor sa at Mercury såg «ganske sjuk ut» på den tida.[15]

Headlong endre

For meir om dette emnet, sjå Headlong.

«Headlong» kom frå May i studioet i Sveits. Han spelte inn songen for soloalbumet han heldt på med på same tid. May høyrte Mercury syngje songen og meinte han fungerte betre som ein Queen-song. Bandet tok så over og alle gjorde modifikasjonar.

«Headlong» vart gjeven ut på singel i januar 1991 i USA og den 13. mai 1991 i Storbritannia. Han nådde 14. plassen på den britiske singellista, og tredjeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista i USA.

I Can't Live with You endre

For meir om dette emnet, sjå I Can't Live with You.

«I Can't Live with You» vart òg skriven for soloalbumet til May. Han gav songen til bandet, sidan Taylor, Deacon og Mercury likte songen godt. Trommene vart programmert på synth av May, og produsenten la til klaverinstrument. Ein alternativ versjon av songen finst på samlealbumet Queen Rocks frå 1997, kalla «'97 Rocks Retake». Han var sagt å vere meir slik May og Taylor opphavleg ønskte at songen skulle høyrast ut, med ein hardare, gitardriven rock. May har sagt i eit intervju at det meste av den originale demoen er i innspelinga, og gjer songen «umogeleg å mikse».

Songen vart gjeven ut som promosingel for radiostasjonar i USA. Miksen på singelen nyttar eit noko anna vokalspor av Mercury, er meir høglydt med nyprogrammerte synth-trommer. Songen nådde 28. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista.

Don't Try So Hard endre

«Don't Try So Hard» kom frå Mercury.[16] «Regnet» i introen er i røynda ein førehandsinnstilt lyd frå Korg M1, som kjem når ein først slår instrumentet på («00: Universe»). Mercury syng det meste av songen i falsett, men syng opp til D5 i full stemme på refrenget. Mellomspelet til songen er skriven i ein stil som minner om Queen-songar frå tidleg i 1980-åra, som «Play The Game».

Ride the Wild Wind endre

For meir om dette emnet, sjå Ride the Wild Wind.

«Ride the Wild Wind» vart skriven av Taylor, som spelte inn ein demoversjon med sin eigen vokal. Den endelege versjonen er sungen av Mercury med Taylor på korvokal. Songen er ein slags oppfølgjar til Taylor sin A Night at the Opera-song, «I'm in Love with My Car», som fokuserte på lidenskapen til Taylor for bilar og billøp. Denne gongen involverte songen alle dei andre medlemmane, som gav liv til ein kjapp song med bankande trommer og rytmisk basslinje. Melodien er temmeleg lik The Smiths-songen «Shakespeare's Sister», som skapar ei kjensle av fart og maskinbrøl. I midtpartiet framhevar soloen til May kjensla av høg fart, og gjev songen ein tyngre lyd. I somme delar av songen kan ein høyre ein racerbil. Han vart gjeven ut på singel i Polen og nådde toppen av lista der.

All God's People endre

«All God's People» byrja som ein del av Barcelona-prosjektet til Mercury under tittelen «Africa by Night» (og medlåtskrivar er derfor Mike Moran). Han bad May spele gitar, og det eine førte til det andre, og til slutt var heile bandet med på songen. Pianoet vart spelt inn av Moran. I songen når Mercury tonen F5 med brystklang, den lysaste tonen han klarte å nå, i tillegg til nokre særs låge tonar.

These Are the Days of Our Lives endre

For meir om dette emnet, sjå These Are the Days of Our Lives.

«These Are the Days of Our Lives» var skriven av Taylor. Han er ein av dei enklaste songane i heile katalogen til bandet. Klaverinstrumenta vart programmerte av alle bandmedlemmane i studio, og congaperkusjonen vart spelt inn av David Richards. Songen vart gjeven ut på singel i USA på bursdagen til Mercury, den 5. september 1991. I Storbritannia kom singelen ut i desember 1991, etter at Mercury var død, som ei dobbel A-side med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk til topps på den britiske singellista og låg der juleveka 1991. Musikkvideoen til songen var siste gongen Mercury vart filma. Mercury visste dette og i slutten av videoen ser han rett inn i kamera og kviskrar «I still love you».[17][18] Då videoen vart laga var det ikkje lenger mogeleg å skjule at Mercury var alvorleg sjuk. Videoen var filma i fargar, men omgjort til svartkvit for til ein viss grad å skjule den skrøpelege utsjånaden til Mercury. Seinare gav bandet ut ein versjon av videoen i fargar, for å syne kor sjuk Mercury var på den tida.

Delilah endre

For meir om dette emnet, sjå Delilah av Queen.

«Delilah» er ein song Mercury skreiv for favorittdyret sitt, ein katt han kalla Delilah. May spelte inn soloen sin med ein talk box. Taylor likte visstnok ikkje songen og gjekk først med på å ha med songen etter at Mercury insisterte. Songen vart gjeven ut på singel i Thailand, der han nådde toppen av singellista.

The Hitman endre

Rockelåten «The Hitman» vart òg byrja av Mercury. Den originale versjonen var visstnok på klaverinstrument og i ein annan toneart. May tok riffet til Mercury, endra toneart og spelte inn ein demo av ein tyngre versjon. Deacon omarrangerte så strukturen og fylte inn hola i teksten og spelte han inn. All korvokal vart gjort av May. Demoversjonen er sungen av May, medan Mercury kjem med talte kommentarar (som «Bite the bullet baby!»). I den ferdige songen når Mercury tonen E♭5.

Bijou endre

«Bijou» var ein ide Mercury og May hadde om å lage ein song på «vranga» (der gitaren gjorde versa og vokalen mellomspelet). Mercury lagde akkordane, tittelen og teksten, og dei to arbeidde i lag på gitarpartia. Mercury song den første linja og May overførte så melodien til sin Red Special. Songen var ferdig utan innspel frå Taylor eller Deacon. Ideen var ikkje ny og alt nytta av Yes på songen «Soon». May sa seinare at Jeff Beck-songen «Where Were You» frå 1989 var inspirasjonskjelda til «Bijou». I 2008 framførte Queen + Paul Rodgers songen på konsertane sine under Rock the Cosmos-turneen der May spelte versa live, medan studiovokalen til Mercury vart spelt, medan ein ein skjerm viste bilete frå den kjende Wembley-konserten deira i 1986. Partiet med Mercury vart så tona ut og May starta «Last Horizon».

The Show Must Go On endre

For meir om dette emnet, sjå The Show Must Go On av Queen.

«The Show Must Go On» vart hovudsakleg skriven av May. Den opphavlege ideen var ein akkordseksvens Taylor og Deacon arbeidde på. Rytmen i refrenget liknar Queen-songen «I Want It All» frå 1989. May valde å bruke denne sekvensen, og både han og Mercury valde teksttemaet og skreiv det første verset i lag. Frå då av skreiv May ferdig teksten, gjorde ferdig vokalmelodien og skreiv mellomspelet, inspirert av Pachelbels kanon. Somme toneartar og idear vart òg føreslått av produsenten. Songen omhandlar forsøket til Mercury om å halde fram å spele trass i at han nærma seg slutten av livet.[19] Songen var opphavleg ikkje meint som singel, men kom ut 14. oktober 1991 då bandet gav ut Greatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Singelen nådde 16. plassen på den britiske singellista. Etter Mercury døydde, gjekk songen inn att på lista. Videoen til songen er ei samling klipp frå alle videoane deira sidan 1992, som ei marknadsføring av Greatest Hits II. Sidan helsa til Mercury no var så dårleg, var det ikkje mogeleg å lage ein ny video med bandet. Ein konsertversjon med Elton John på vokal finst på Greatest Hits III. Songen var ein personleg favoritt for Elton John og han song songen på Freddie Mercury Tribute Concert i lag med dei attverande medlemmane av Queen, og med Tony Iommi på rytmegitar.[20]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [21]
Rolling Stone     [22]
The Times(negativ)[23]
The Orlando Sentinel(positiv)[24]
The Cincinnati Post     [25]
Los Angeles Times(middels)[26]
The San Francisco Chronicle(negativ)[27]
St. Petersburg Times     [28]
St. Louis Post-Dispatch(negativ)[29]
Entertainment Weekly(C-)[30]

Innuendo fekk middels kritikk. Rolling Stone skreiv at «Innuendo er ein lettvektar du vil gløyme så raskt det er over».[31] People skreiv «Om dette er teikneserie-rock and roll, så er det i det minste god og småfrekk teikneserieaktig.»[32] Fleire år seinare skreiv Allmusic «Innuendo var ein høvande måte å avslutten ein av dei mest suksessrike karrierane i rockehistoria.»[21]

Innhald endre

CD endre

Alle songar er skrivne av Queen, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Innuendo»6:29
2.«I'm Going Slightly Mad»4:22
3.«Headlong»4:39
4.«I Can't Live with You»4:35
5.«Don't Try So Hard»3:39
6.«Ride the Wild Wind»4:41
7.«All God's People» (Queen, Mike Moran)4:19
8.«These Are the Days of Our Lives»4:12
9.«Delilah»3:32
10.«The Hitman»4:52
11.«Bijou»3:37
12.«The Show Must Go On»4:34
Total lengd:53:44
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«I Can't Live with You» (1997 Rocks retake)4:50
2.«Lost Opportunity» (B-side)3:53
3.«Ride the Wild Wind» (tidleg versjon med guide-vokal)4:14
4.«I'm Going Slightly Mad» (mad mix)4:37
5.«Headlong» (embryo med guidevokal)4:44
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
Nr.TittelLengd
6.«Innuendo» (alternativ promovideo, 1991) 
7.«These Are the Days of Our Lives» (Hollywood Records alternative promovideo, 1991) 
8.«Mad in the Making: The Making of the 'I'm Going Slightly Mad' Promo Video» (1991) 

1991-LP endre

Alle songar er skrivne av Queen, utanom der andre er nemnde. På grunn av lengda på originalalbumet vart fleire songar korta ned for å passe inn på ei vinylplate utan at det gjekk ut over lyden eller kompresjonen. Sporlista er òg noko annleis enn på CD-versjonen, der «Don't Try So Hard» er flytta til side 2, mellom «Delilah» og «The Hitman»..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Innuendo»6:29
2.«I'm Going Slightly Mad*» (Queen, Peter Straker)4:04
3.«Headlong»4:31
4.«I Can't Live with You»4:04
5.«Ride the Wild Wind»4:41
Total lengd:23:49
Side to
Nr.TittelLengd
1.«All God's People» (Queen, Mike Moran)3:53
2.«These Are the Days of Our Lives»3:55
3.«Delilah»3:32
4.«Don't Try So Hard*»3:32
5.«The Hitman*»3:43
6.«Bijou*»1:19
7.«The Show Must Go On»4:31
Total lengd:23:06

Forkorta versjonar for vinyl-utgåva.

2015-LP endre

Innuendo vart gjeven ut på vinyl igjen 25. september 2015, i lag med alle dei andre studioalbuma til Queen. Dette er første gongen heile albumet kom ut på vinyl, spreidd over to LP-plater. «These Are the Days of Our Lives» og «I Can't Live with You» har byta plass.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Innuendo»6:32
2.«I'm Going Slightly Mad» (Queen, Peter Straker)4:22
3.«Headlong»4:38
Total lengd:15:32
Side to
Nr.TittelLengd
1.«These Are the Days of Our Lives»4:13
2.«Don't Try So Hard»3:39
3.«Ride the Wild Wind»4:42
Total lengd:12:34
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«All God's People» (Queen, Mike Moran)4:19
2.«I Can't Live with You»4:33
3.«Delilah»3:32
Total lengd:12:24
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«The Hitman»4:56
2.«Bijou»3:37
3.«The Show Must Go On»4:31
Total lengd:13:04

Medverkande endre

Andre medverkande
  • Steve Howe – klassisk gitar i lag med May på «Innuendo», (omtalt på omslaget som «Wandering Minstrel»)
  • Michael Moran – piano og klaverinstrument på «All God's People»
  • David Richardsprodusent, lydteknikar, klaverinstrument på «I Can't Live with You» og «These are the Days of Our Lives», programmering på «Innuendo»
  • Brian Zellis – programmering
  • Noel Harris – assisterande lydteknikar
  • Justin Shirley-Smith – assisterande lydteknikar
  • Richard Gray – plateomslag
  • Grandville (1803–47)illustrasjonar
  • Angela Lumley – fleire illustrasjonar
  • Simon Fowler – fotografi

Lister endre

Vekeslister endre

Liste (1991) Plassering
Australia[33] 6
Austerrike[34] 2
Canada[35] 16
Nederland[36] 1
Frankrike[37] 9
Tyskland[38] 1
Italia[39] 1
Japan[40] 17
New Zealand[41] 6
Noreg[42] 8
Sverige[43] 9
Sveits[44] 1
UK Albums Chart[45] 1
U.S. Billboard 200[46] 30

Årslister endre

Liste (1991) Plassering
Austerrike[47] 33
Canada[48] 60
Italia[39] 9
Sveits[49] 7
UK Albums Chart[50] 31

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[51] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[52] Gull 50 000^
Finland (Musiikkituottajat)[53] Gull 38,221
Frankrike (SNEP)[54] Platina 324,600[55]
Tyskland (BVMI)[56] Platina 500 000^
Mexico (AMPROFON)[57] Platina 250 000[58]
Nederland (NVPI)[59] 2× Platina 200 000^
Polen(ZPAV)[60]
Nyutgjeving frå 2009 for Agora SA
Platina 20 000*
Spania(PROMUSICAE)[61] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[62] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[63] Platina 300 000^
USA (RIAA)[64] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Innuendo queenonline.com Henta 18. mai 2016
  2. Queen, official; Freddie Mercury; Brian May; Roger Taylor; John Deacon. «Innuendo». queenonline.com. 
  3. Arkivert kopiWayback Machine.
  4. LG (4. februar 1991). «Queen Songs – Album Analysis: Innuendo» (på tsjekkisk). Queensongs.info. Arkivert frå originalen den 22. februar 2014. Henta 26. juli 2016. 
  5. «Top 100 Albums». BBC Radio 2. 28. august 2006. Arkivert frå originalen 17. januar 2010. 
  6. 6,0 6,1 John Deacon, Roger Taylor, Brian May. (30. mai 2011). Queen: Days Of Our Lives. BBC. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Queen 40th anniversary: The Freddie Mercury story». The Daily Telegraph (UK). 2011. Arkivert frå originalen 19. oktober 2011. Henta 26. juli 2016. 
  8. «Queen, Freddie Mercury, Roger Taylor, Brian May, BRITS 1990». BRIT Awards. Arkivert frå originalen 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  9. «In pictures: Freddie Mercury and Queen». The Daily Telegraph (UK). 5. september 2011. Arkivert frå originalen den 28. desember 2013. Henta 26. juli 2016. 
  10. Prato, Greg. «Innuendo – Review». AllMusic. Arkivert frå originalen den 5. januar 2012. Henta 26. juli 2016. 
  11. Freddie Mercury, John Deacon, Brian May, Roger Taylor (hosted by Axl Rose). (August 1991). Queen: The Days Of Our Lives Documentary. 
  12. John Deacon, Roger Taylor, Brian May. 1991 Queen Fan Club Message. Hendinga skjer ved 3:51. «May: I've been spending some time going into Hollywood Records, because finally we have a record company here who ... uh ... doing a very good job for us, selling lots of records, and making to make it happen I think again...» 
  13. Innuendo (Track 1)UltimateQueen. Henta 26. juli 2016 Arkivert 2012-10-05 ved Wayback Machine.
  14. Queen – InnuendoChartStats. Henta 26. juli 2016 Arkivert 2015-06-18 ved Wayback Machine.
  15. Champions of the World (1995). Hollywood Pictures. Henta 26. juli 2016
  16. Stone Cold Crazy. Q Classic, March 2005. Arkivert 2016-09-18 ved Wayback Machine. (interview with Brian May)
  17. Final Freddie Mercury performance discoveredThe Independent. Henta 26. juli 2016 Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine.
  18. Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. s.224. Voyageur Press, 2009
  19. Donald A. Guarisco. Queen – The Show Must Go OnAllMusic. Henta 26. juni 2011 Arkivert 2011-09-04 ved Wayback Machine.
  20. The Freddie Mercury Tribute Concert: The Show Must Go On. Henta 26. juni 2011 Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
  21. 21,0 21,1 Prato, Greg (5. februar 1991). «Innuendo – Queen». AllMusic. Henta 26. juli 2016. 
  22. Eddy, Chuck (7. mars 1991). «Innuendo». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  23. «Queen Interviews – Queen – 02-01-1991 – Innuendo – The Times – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  24. «Queen Interviews – Queen – 02-08-1991 – Innuendo – The Orlando Sentinel – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  25. «Queen Interviews – Queen – 02-09-1991 – Innuendo – The Cincinnati Post – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  26. «Queen Interviews – Queen – 02-15-1991 – Innuendo – LA Times – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 15. februar 1991. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  27. «Queen Interviews – Queen – 02-24-1991 – Innuendo – The San Francisco Chronicle – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 24. februar 1991. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  28. «Queen Interviews – Queen – 03-08-1991 – Innuendo – St. Petersburg Times – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  29. «Queen Interviews – Queen – 03-15-1991 – Innuendo – St. Louis Post-Dispatch – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 15. mars 1991. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  30. Farber, Jim (15. februar 1991). «Innuendo Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  31. Eddy, Chuck (7. mars 1991). «Innuendo – Queen». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. april 2014. Henta 26. juli 2016. 
  32. Tomashoff, Craig; Shea, Lisa; Kaufman, Joanne; Hiltbrand, David (1. april 1991). «Picks and Pans Review: Innuendo». People 35. Arkivert frå originalen 21. august 2016. Henta 26. juli 2016. 
  33. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». australian-charts.com. Arkivert frå originalen den 24. oktober 2012. Henta 26. juli 2016. 
  34. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». austriancharts.at. Arkivert frå originalen den 10. november 2013. Henta 26. juli 2016. 
  35. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen den 23. oktober 2012. Henta 26. juli 2016. 
  36. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen den 12. desember 2013. Henta 26. juli 2016. 
  37. InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste, arkivert frå originalen 17. januar 2016, henta 26. juli 2016 
  38. «Queen, Innuendo». charts.de. 15. mai 2009. Henta 26. juli 2016. 
  39. 39,0 39,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1991» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Arkivert frå originalen den 29. oktober 2013. Henta 3 Oktober 2011. 
  40. «クイーン-リリース-ORICON STYLE-ミュージック [Highest position and charting weeks of Innuendo by Queen]». Oricon Style (på japansk). oricon.co.jp. Arkivert frå originalen den 8. mars 2014. Henta 10. juni 2016. 
  41. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 20. desember 2013. Henta 26. juli 2016. 
  42. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen den 15. november 2013. Henta 26. juli 2016. 
  43. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». swedishcharts.com. Arkivert frå originalen den 3. februar 2014. Henta 26. juli 2016. 
  44. Steffen Hung. «Queen – Innuendo». hitparade.ch. Arkivert frå originalen den 12. november 2012. Henta 26. juli 2016. 
  45. «Queen – Innuendo». Chart Stats. Arkivert frå originalen den 21. oktober 2012. Henta 26. juli 2016. 
  46. «Queen – Innuendo». Billboard. Henta 26. juli 2016. 
  47. «Austerrikencharts.at – Jahreshitparade 1991». Hung Medien. Arkivert frå originalen den 4. november 2012. Henta 1. august 2010. 
  48. «RPM Top 100 Albums of 1991». RPM. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 3 Oktober 2011. 
  49. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 1991». Hung Medien. Arkivert frå originalen den 24. desember 2013. Henta 26. juli 2016. 
  50. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 3 Oktober 2011. 
  51. «Austrian album salstrofé – Queen – Innuendo» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter Innuendo in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  52. «Canadian album salstrofé – Queen – Innuendo». Music Canada. 
  53. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  54. «French album salstrofé – Queen – Innuendo» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  55. «Les Albums Platine». infodisc.fr (på fransk). SNEP. Arkivert frå originalen den 8. april 2014. Henta 10. juni 2016. 
  56. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'Innuendo')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  57. «Certificaciones –» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. 
  58. «QUEEN Innuendo Mexico Promo award disc». Eil.com. 30. september 1992. Henta 26. juli 2016. 
  59. «Dutch album salstrofé – Queen – Innuendo» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  60. «Polish album salstrofé – Queen – Innuendo» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  61. Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados 1991-1995. Iberautor Promociones Culturales. ISBN 978-84-8048-639-2. 
  62. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'Innuendo')». Hung Medien. 
  63. «British album salstrofé – Queen – Innuendo». British Phonographic Industry.  Enter Innuendo in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  64. «American album salstrofé – Queen – Innuendo». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre