Riella americana
Riella americana er ein levermose som lever i vatn. Han veks vertikalt og vert 1-3 cm høg. Han veks i teppe på stein i ferskvatn. Som andre artar i slekta er R. americana thalloid. Thalluset har form som ei lang tynn vengje langs ein stilk. Langsetter stilken sit òg to rader med små bladliknande utvekstar. Anthiridia sit langs kanten av vengja i ei samanhengande rad. R. americana er særkjøna (antheridia og archegonia sit på kvar sin plante). Hoplanten har som regel 3-12 archegonia.
Riella americana | |
Riella americana | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Levermosar Marchantiophyta |
Klasse: | Marchantiopsida |
Underklasse: | Sphaerocarpidae |
Orden: | Sphaerocarpales |
Familie: | Riellaceae |
Slekt: | Riella |
Art: | R. americana |
Vitskapleg namn | |
Riella americana |
Arten veks spreidd i det sentrale USA, i Mexico og Argentina.
Kjelder
endre- NatureServe Comprehensive Species Index[daud lenkje] Vitja 28. juli 2008.
- Howe, M. A. & Underwood, L. M. (1903) Bulletin of the Torrey Botanical Club. 30(4), 214-24.