Ariha i Syria
(Omdirigert frå Riha i Syria)
Ariha (arabisk أريحا, òg kalla Rīḥā, arabisk ريحا) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, sør for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Urum al-Jawz i sørvest, Sarjah i sør, Kafr Latah i søraust, Maar Bilit i aust, al-Nayrab i nordaust, Nahlaya og al-Mastumah i nord, Kurin i nordvest og Maataram i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Ariha eit folketal på 39 501 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Ariha-distriktet, og Ariha nahiyah (nahiyah) som består av 24 stader med eit samla folketal på 83 487 i 2004.[1]
Ariha | |||
أريحا | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib guvernement | ||
Distrikt | Ariha-distriktet | ||
Nahiyah | Ariha | ||
Høgd | 680 moh. | ||
Koordinatar | 35°49′N 36°36′E / 35.817°N 36.600°E | ||
Folketal | 39 501 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Ariha i Syria 35°49′00″N 36°36′00″E / 35.816666666667°N 36.6°E | |||
Kart som viser Ariha i Syria.
|
Den syriske borgarkrigen
endreAriha var åstad for kampar mellom regjerings- og opprørsstyrkar. Den 24. august 2013 tok opprørarane Ariha. Etter 10 dagar med bombing tok regjeringsstyrkane byen attende den 3. september.[2][3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ariha, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-02-06 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
- ↑ Army Retakes Strategic Town in Northwest Syria
- ↑ Assad forces capture strategic Syria northern town