Ringerikssandstein er ein raudbrun og grågrøn sandsteinstype som er unik for Ringeriksdistriktet. Han vart danna ved avsetning av sand (bittesmå korn av det glassaktige, harde mineralet kvarts) i elvane frå Den kaledonske fjellkjeda, som byrja å reise seg gjennom nordvestre delar av Noreg under silur (for cirka 444-416 millionar år sidan). Ringerikssandsteinen oppstod då Noreg kolliderte med Grønland. På den tida var landmassene som seinare vart til Noreg eit tilnærma flatt korallhav. Resultatet vart tørt land og veldige fjellkjedefoldingar i vest.

Steinarten opptrer i opptil 1 000 meter tjukke lag og er typisk for visse delar av lanskapsområdet Ringerike i Buskerud (Hol og Ringerike kommune), men finst òg i større mengd på Jeløya ved Moss og ved Holmestrand. Desse områda inngår alle i Oslofeltet, der det òg finst slik sandstein i mindre mengder ved blant anna Kolsås og i Lierdalen. Ringerikssandstein har typisk bølgjeslagsmerker og tørkesprekker. På Ringerike finst det dessutan eit tynt lag der det finst fossil, blant anna av sjøskorpioner og primitive fiskar (skalhudar). Elles er ikkje fossil vanlege i denne bergarta.[1]

RingerikshellerEndra

I tidlegare tider vart det rundt austsida av Steinsfjorden brote skiferheller av ringerikssandstein, som vart marknadsført under namnet Ringeriksheller. Hellene, som gjerne har innslag av glimmer, er ganske tjukke og har ofte tydelege bølgjeslagsmerker. I borggarden føre nordfløyen ved Akershus Festning finn ein mellom anna innslag av Ringeriksheller.

AnnaEndra

Runesteinene Dynnasteinen frå GranHadeland og Alstadsteinen frå Nedre Alstad på Toten, er gjort av ringerikssandstein.

Tilsvarande formasjonarEndra

Old Red Sandstone i Storbritannia vart avsett på omtrent same tid (devontida) og kan minne om den raudbrune ringerikssandsteinvarianten i utsjånad.[2]

KjelderEndra

  1. Christopher Oftedahl: Norges geologi. Tapir 1981.
  2. Sen silur. Geologisk museum, Universitetet i Oslo. 2002