Ringeriksbanen er eit ofte omtalt prosjekt som går ut på å byggje ein jarnbanelinje beinveges mellom Hønefoss i Ringerike kommune og Sandvika i Bærum kommune for at Bergensbanen skal knytast til Askerbanen og Drammensbanen i Sandvika. Banen vil korte ned reisetida på Bergensbanen for dei som reiser mellom Oslo og HallingdalBergen ved at strekninga vert om lag 60 kilometer stuttare enn dagens rute om Drammen og Hokksund for toga mellom Oslo og Bergen. Det er rekna med at reisetida vert redusert med om lag 50 minutt. Men det er enno ikkje gjort vedtak om å byggje banen.

Bakgrunnsstoff endre