60°47′47″N 11°4′5″E / 60.79639°N 11.06806°E / 60.79639; 11.06806

Hamar Domkyrkje

Hamar domprosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hamar, Løten og Stange i Hedmark (Innlandet fylke). Sidan prostiet er knytt til Hamar domkyrkje, er prostiet leia av ein domprost.

Historie endre

Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta.[1] Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld.[1] Området var skilt ut frå Hedemarken prosti.[1] Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.[1]

Tidslinje endre

  • 1864 - Oppretta som Hamar stiftsprosti, bestod av Vang prestegjeld[1]
  • 1908 - Dei nyoppretta Hamar prestegjeld og Furnes prestegjeld vart del av prostiet[1]
  • 1922 - Namnet vart endra til Hamar Domprosti[1]
  • 1972 - Hedmark prosti vart lagt ned og prestegjelda Nes, Ringsaker, Brøttum, Veldre, Løten, Romedal og Stange vart innlemma i Hamar Domprosti.[2]
  • 1987 - Stange prestegjeld vert delt, Ottestad sokn vert skilt ut som Ottestad prestegjeld.[3]
  • 2007 - Ringsaker prosti vart oppretta og sokna i Ringsaker vart overført frå Hamar Domprosti til det nye prostiet.[4]

Sokn endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Hamar Domkyrkje sokn Hamar Domkyrkje
Storhamar kyrkje
Hamar
Løten sokn Løten kyrkje Løten
Ottestad sokn Ottestad kyrkje Stange
Romedal sokn Romedal kyrkje Stange
Stange sokn Stange kyrkje Stange
Tangen sokn Tangen kyrkje på Hedmarken
Strandlykkja kapell
Stange
Vallset sokn Vallset kyrkje Stange
Vang sokn i Hamar Vang kyrkje på Hedmarken
Øvre Vang kyrkje
Hamar

Prestegjeld endre

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Hamar Domprosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 ««Hamar domprosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 12. mars 2014. 
  2. ««Hedmark prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 12. mars 2014. 
  3. ««Deling av Stange prestegjeld under Hamar domprosti, Hedmark.»». lovdata.no. 16. januar 1987. 
  4. ««Nytt prosti i Hamar bispedømme»». Hamar bispedøme - kyrkja.no. Henta 12. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff endre