Rise ligg på ei landtunge mellom Sygnefest og Fallebø i Gulen kommune i Vestland. Det finst bygningar både omkring 100 meter over havet og langs stranda. I nord og vest ligg Sognesjøen. Rise ligg knapt sju mil frå Bergen. Ei rekkje bruk er skilde ut frå Rise, mellom anna Lyngnes og Riseskåra. I Riseneset har det vore busetjing sidan 1612.

Rise
Foto: Bjarne Thune
Rise
Foto: Bjarne Thune
Riseskåra
Foto: Bjarne Thune
Riseskåra
Foto: Bjarne Thune
Riseskåra
Foto: Bjarne Thune

Namnet endre

Rise blir uttalt ri'sa. Det vart skrive Risse i 1603 og 1611, Rise i 1667 og Risse igjen i 1723. På gammalnorsk hette det Risar som er fleirtal av hris eller ris som tyder småskog eller kratt. Rise er brukt 27 gonger som gardsnamn i Noreg. [1]

Historie endre

I 1667 var det fire brukarar på garden, Per, Lars, Nils og Erik. Matrikkelen frå 1723 viser berre to brukarar og ingen husmenn. Det eine bruket hadde då lege øyde i 70 år.

På Lyngnes vart det sett opp eit skulehus med lærarbustad i 1918. Vegarbeidet heldt fram etter den andre verdskrigen. I 1954 vart det bygt veg til Lyngnes, og i 1964 var vegen Sygnefest-Rise ferdig.

Frå Riseneset går det ein telefonkabel til Solund.

Under andre verdskrig hadde tyskarane fleire festningsverk på Rise.

Utmarka på Riseheia vart utskift i 1966. Skulen vart nedlagd i 1970 og gjord om til grendehus.[2]

Gardar endre

I 1567 var det truleg to bruk på Rise. Det er nemnt Simonn po Riisum og Halstein po Riisum. Skattemanntalet frå 1645 viser at det var tre brukarar, og i 1657 er det nemnt tre brukarar og ein husmann. Matrikkelen frå 1667 nemner fire brukarar, men Risegarden var nesten utdøydd dei neste 30-40 åra. I 1701 budde det berre ein huslyd på Rise, og det vart ikkje fleire før etter 1720.[3]

På bruk ein er nemnd Ola som bruker i 1611-23. I 1816 vert det nemnt at der er lite dyrkingsjord, men ein hadde skog til husbruk. Risestølen låg ved Vatnestølen.[4]

På bruk to budde Bottolf Thronson som var korporal i 1819. I 1848 fekk Lars Bottolfsen skøyte på bruket og dreiv det til 1866. Då vart garden ein del oppdelt. Først vart plassen Lyngnes som grensar til Sygnefest skild ut. og nokre andre jordstykke frådelte. Bruket vart kjøpt av Gjert Hansson Rise og Erikka Marie Birgersdotter Lyngnes i 1915, og dei var eigarar til 1955. Dei bygde nytt fjøs og låve i 1915, nytt seterhus i 1936 og hadde seterdrift til 1945. Nytt bustadhus vart bygt i 1965.[5]

Frå garden vart det skilt ut: bruk fire i 1855 og bruk fem Riseskåra i 1856.[6]

Riseneset endre

Det finst ein brukar på Riseneset, Eirik, som er omtalt i 1612-13. Så fylgde eit par brukarar, men det kan sjå ut til at garden låg brakk i omtrent 100 år. Dei første som budde her var husmenn, men ein kjenner lite til desse. I 1819 busette er Korporal Matthias Thorsen Vatne og kona hans, Ingeborg Thronsdotter Rise, seg i Riseneset.[7]

Andre verdskrig endre

 
Riseskåra
Foto: John Erling Blad
 
Gamleløa i Riseskåra som no er riven
Foto: Bjarne Thune

Då krigen braut ut i 1940 budde Torstein Brendsdal og kona hans, Hansine Tveit, som var enkje etter Bendik Thune, på bruk fem, Riseskåra. Våren 1942 tok tyskarane eigedommen og bygde eit festningsverk, Risenes fort, like over bustadhusa. Dei laga tunnel gjennom eigedommen og to store kanonbunkerar. Folk på dette bruket og dei tilstøytande bruka fekk beskjed om å flytte, og Torstein med huslyd budde resten av krigen i ei hytte på Fallebø. 14. november 1944 vart fylkesbåten DS «Gula» treft under eit flyangrep i Dingeosen og byrja å brenne. Båten vart sett på land like nedanfor bustadhusa der tyskarane då heldt til. Brannen vart sløkt, og døde og såra vart tekne hand om.[8]

I 1951 overtok Gunnar Thune bruk fem i Riseskåra. Tyskarane hadde øydelagt mykje på garden, og det vart rydda bort hundrevis med steinlass. Jord vart lagd over der det var mogeleg. Kanonbunkerane vart fylte med stein og jord slik at det skulle vere mogeleg å dyrke der. På garden stod ein gammal låve av stein frå omkring 1850. Tyskarane hadde brukt denne og mellom anna laga eit hól i den eine veggen og sett inn ein del treverk. Huset stod på garden i mange år etter krigen, men vart rive ned då murane aldri var heilt stabile etter tyskarane si ombygging, og det var fare for at dei skulle rase ut.[9]

Referansar endre

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 142
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 142
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 143
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 143
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 149
  6. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 155
  7. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 156
  8. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 156
  9. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 156

Litteratur endre

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996